Vekemeny 48
Så var det søndag igjen og tid for å planlegge den komande veka. Denne veka har det dukka opp minner på snapchat frå turen til India for to år sidan. Her kan du sjå ein smakebit derifrå, i vekemenyen frå 2016. Ellers har veka gått som ein røyk, med radioinnspeling og to boksigneringar. I dag står Sandemessa på dagsplanen, med eit lite foredrag først og så boksignering etterpå. Å gruglede seg har vore gjeldande for heile veka, men du kor gøy!
Så stas med de som kjem og helsar på, og så mange fine folk! Eg blir så glad!
Ønsker deg ei fin veke!
Vekemeny 48
Mandag
Yakisoba wok
Yakisoba wok er japansk stir fry som tradisjonelt blir laga med nudlar, svin, grønsaker og saus. Det finnast uttalege versjonar og oppskrifter på denne retten, ofte servert som gatemat i… Fortsett å les »
Tysdag
Fiskegrateng med fullkornmakaroni
Til 4-5 personar treng du: 700 g torsk 250 g fullkornmakaroni 1/2 purre 3 egg 2 ss smør 2 ss kveitemjøl 5 dl mjølk 1/2 ts muskat salt og peppar… Fortsett å les »
Onsdag
Lasagne med grønsaker
Denne lasagnen har både tomatsaus og ostesaus, og eg kan nesten garantere at dei du serverar den til ikkje vil leggje merke til at den manglar kjøt i seg. Ein… Fortsett å les »
Torsdag
Kinesisk stekt ris
Kinesisk stekt ris, eller Chinese Fried Rice som høyres litt meir fancy ut, er skikkeleg digg kosemat. Risrestar frå dagen før blir plutseleg ein høydare, og det er ein enkel… Fortsett å les »
Fredag
Blomkål-taco
Blomkål-taco er ikkje noko ny oppfinning, og er eit supert alternativ til den tradisjonelle kjøttdeiga. Blomkålen deler du enkelt i bitar, vender inn med olje og krydder og steiker i… Fortsett å les »
Laurdag
Thaisalat med biff og mango
På ein fjelltur tidlegare i sommar fortalde ei venninne meg om deira siste favoritt på kjøkkenet, nemleg Thaisalat med biff. «Biff?!» tenkte eg, men då ho hadde skildra ferdig måtte… Fortsett å les »
Søndag
Langtidssteikt lammeskank med grønsaker
Langtidssteikt lammeskank med grønsaker er kjøt som smeltar på tunga. Lammeskank er vel verdt å kjøpe med seg heim når du finn det på butikken. Det gir verkeleg ein digg… Fortsett å les »
Noko godt
Sarah Bernhardt i langpanne
Eg oppdaga Sarah Bernhardt for første gong i år, og er over gjennomsnittet begeistra. FOR ei nydeleg kake/dessert! Eg skjønte fort at eg måtte gjere som Kristine med den fantastiske… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Julebrød
Deilige julebrød med god smak av kardemomme og fylt med rosiner. Det luktar nydeleg i huset, og dei er skikkeleg populære blant små og store. Servert varme med brun eller… Fortsett å les »
Vekas kake
Biscotti med tranebær
Biscotti med tranebær er tørre kaker med italiensk opphav. Steikt som ei lang, flat pølse og så delt i skiver. Tørre, sprø og perfekte å dyppe i ein god kopp… Fortsett å les »
Vekas julebakst
Julemanna
Julemanna eller kvite kakemenn som oppskrifta heiter hjå Trines matblogg er nydelege julebakst. Og denne oppskrifta har blitt brukt her i heimen for fjerde år på rad i år! Frå… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.