Blomkål-taco

Blomkål-taco er ikkje noko ny oppfinning, og er eit supert alternativ til den tradisjonelle kjøttdeiga. Blomkålen deler du enkelt i bitar, vender inn med olje og krydder og steiker i omnen. Medan blomkålen steiker seg lagar du klart dei andre ingrediensane, og vips så er vegetar-tacoen klar!

blomkål-taco På toppen her er det sylta rødløk, som har fått ein fast plass i kjøleskapet vårt. Det er kjapt og greit å dele opp løk, og dekke med oppkokt vatn, sukker og eplecidereddik. Då har du alltid digg topping klart, og dette smakar like godt på burger, taco, pizza og fisk. Har du det ikkje klart i kjøleskapet er det berre å koke opp og dekke løken og la det stå til bordet er dekka og tacoen skal serverast.

blomkål-taco

Blomkål-taco

blomkål taco

Oppskrift på Blomkål-taco

4 porsjonar / Tid: 40 min

Blomkål

  • 1 blomkål
  • 4-5 ss olje
  • 1 ts spisskummen
  • 1/2 ts chili
  • 1 ts løkpulver
  • 1/2 ts kvitløkspulver
  • 1 ts salt

Salsa

  • 2-3 tomatar
  • 1/2 koriander-plante
  • 1/2 løk
  • 1/4 ts chilipulver
  • 1 fedd kvitløk
  • 1/2 ts salt
  • 1 lime

Sylta rødløk

  • 1 rødløk
  • 1 dl vatn
  • 1 dl sukker
  • 1 dl eplecidereddik

Server med

  • 12-15 maislefser
  • 2 avokado
  • Grøn salat
  • Limebåtar
  • Frisk koriander
  1. Lag sylta rødløk, eller hent fram frå kjøleskapet om du har laga tidlegare. Kok opp vatn, sukker og eplecidereddik. Rør undervegs slik at alt sukkeret blir løyst opp. Del opp rødløken i skiver, bruk gjerne ein mandolin om du har. Legg rødløken på eit glas eller i ei skål og hell over væska. Kan oppbevarast i kjøleskap i fleire dagar.

  2. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.

  3. Del blomkålen i små bukettar, og bland med olje og krydder. Fordel jamt utover på eit bakepapirkledd steikebrett. Steik midt i omnen i ca 30 minutt, til blomkålen er gyllen. Rør 2-3 gongar undervegs.

  4. Ha alle ingrediensane til salsaen i ei matmølle, unnateke limen, og kjør til alt er most. Hell over i eit dørslag og la stå og renne av seg overflødig væske i 10 minutt. Ha så over i ei skål og vend inn safta frå limen.

  5. Varm maislefsene og server saman med salat, avokado, sylta rødløk og salsa. Topp med limebåtar og frisk koriander. Nyt!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.