Rødkål 2.0

Eg innser at det har skjedd ein ting eller to på dei snart ti åra denne matbloggen har eksistert. Det gjer at oppskriftene som er delt heilt i starten har endra seg. Eller kanskje utvikla seg. Og så har eg kanskje ikkje vore så flink å oppdater bloggen med nye måtar å gjere det på. Altså, ingenting i vegen med basic-oppskrifta på rødkål frå 2013. Men det er sjeldan eg lagar den på denne måten lenger, så då er det på tide med ein to-null versjon.

Og igjen, ingenting i vegen med den frå 2013, den er heilt basic og fin. Men det er jo gøy å eksperimentere litt for kvar gong då. Og så er det fint å bruke det du har på kjøkkenet. Og eddik er det sjeldan eg har på kjøkkenet. Men kvitvinseddik eller balsamicoeddik har eg alltid. Og det funkar gull det, til å smaksette rødkål.

Her får du rødkålversjonen vi laga i dag.

Oppskrift på Rødkål 2.0

4-6 porsjonar / Tid: 60 min

  • 1 lite rødkål
  • 4-5 tørka fiken
  • 2 ss ripsgele
  • 1 ss smør
  • 1 ts salt
  • 1 dl kvitvinseddik (el balsamicoeddik)
  • 1 kanelstang
  1. Snitt kålen i tynne strimlar. Anten ved hjelp av ein mandolin eller ein kniv.

  2. Del fikena i små bitar.

  3. Ha alle ingrediensane i ein kasserolle og kok opp.

  4. Legg på lokk, skru ned varmen og la dampe i ein times tid. Rør innimellom.

  5. Pass på at det ikkje kokar tørt og brenn seg, då må du ha i litt vatn.

  6. Hald varmt til maten er klar, smak til med salt og pepar og server som godt tilbehøyr.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.