Vegetargrateng med linser og spinat

GÅ RETT TIL OPPSKRIFTA

Vegetargrateng med linser og spinat får heile huset til å lukte nydleg. Kvitløk, løk og muskat i ein nydeleg tomatsaus som blir gratinert i omnen til det boblar og er gyllent. Gratengen serverer vi gjerne saman med godt brød og omnsbakt brokkoli, men her står du fritt til å velge din favoritt. Kanskje kan det friste med focaccia eller glutenfri focaccia?

Vegetargrateng med linser og spinat

I denne gratengen er det ein tynn cashewcrem som fungerer som kvit saus, men har du ikkje cashewnøtter eller må ta omsyn til allergiar så kan du bruke matfløyte eller havrefløyte i staden. Har du ikkje det tilgjengeleg heller kan du lage ein kvit saus som i lasagnen eller bruke creme fraiche. Her er moglegheitene mange.

Linsene som er i oppskrifta er den typen du finn på butikken enten i hermetikkboks eller på kartong. Dei er ferdig kokte og det einaste du treng å gjere før du skal bruke dei er å skylle dei i eit dørslag. Slike kartongar og bokser med hakka tomat synest eg alltid det er kjekt å ha ståande i skapet. Linsene bruker eg til dømes i vegetarisk “kjøttdeig”. Medan tomatane går i tomatsuppe mellom anna.

TIPS for variasjon:

  • Bruk grønnsaksbuljong i staden for løkpulver, kvitløkspulver og persille.
  • Bytt ut spinat med grønnkål for variasjon.
  • Bruk matfløyte/creme fraiche/kvit saus i staden for cashewsausen.
  • Bytt ut osten på toppen med vegansk type for å få retten vegansk.
  • Gratengen er naturleg glutenfri slik den er.

Inspirasjon er henta frå denne oppskrifta her, men er endra ein del.

Oppskrift på Vegetargrateng med linser og spinat

4 porsjonar / Tid: 60 min

  • 400 g hakka tomat (ei boks)
  • 3 laurbærblad
  • 2 dl vatn
  • 1 ts løkpulver
  • 1/2 ts kvitløkspulver
  • 1/2 ts muskatnøtt
  • 1/2 potte persille
  • 400 g boks (kokte) grøne linser
  • 1 dl rå cashewnøtter
  • 2 dl vatn
  • 1 ss olivenolje
  • 1 løk
  • 3 fedd kvitløk
  • 250 g spinatblad
  • 2 dl riven cheddar
  1. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.

  2. Finn fram ei vid gryte (gjerne ei som toler å stå i steikeomnen etterpå) og hell i boksen med hakka tomat. Ha i laurbærblad, 2 dl vatn og krydderet (løkpulver, kvitløkspulver, persille og muskatnøtt). La småkoke utan lokk i 15 minutt.

  3. Kok opp cashewnøttene og la dei koke i 10 minutt. Hell så av kokevatnet og ha nøttene over i ein kraftig blender. Køyr nøttene saman med 2 dl vatn til det er ei jamn blanding.

  4. Del løken i terningar og finhakk kvitløken. Fjern tjukke stilkar på spinaten og vaske den godt.

  5. Varm olivenolje i ei steikepanne og steik løken til den blir blank. Ha i kvitløk og spinat og steik vidare til spinaten fell saman, ca 5 minutt.

  6. Skyl linsene godt i eit dørslag og la dei renne av seg. Vend dei så inn i tomatsausen saman med cashewsausen. Plukk ut laurbærblada og kast desse.

  7. Vend inn spinat og løkblandinga i tomatsausen også. Om du ikkje har ei gryte som toler steikeomnen må du no helle alt over i ei eldfast form. Strø ost på toppen og gratiner midt i omnen i 20-25 minutt til det er gyllent på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!