![tomatsuppe](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/03/DSC_0001-26.jpg)
Tomatsuppe med ekstra vitamin
Visste du at paprika inneheld fire gongar så mykje c-vitamin som appelsin? Vi brukar mykje paprika her i heimen, både i supper, sausar, gratengar og smoothie.
I denne suppa har eg skjult paprika og gulrot, utan at nokon merka det! I dette tilfellet gjeld ”det du ikkje veit har du ikkje vondt av”, og så håpar vi at alle held seg friske med litt ekstra vitamin innabords.
![tomatsuppe oppskrift](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/03/DSC_0003-24.jpg)
Til ca 4 porsjonar treng du:
- 1 løk
- 2-3 fedd kvitløk
- 1 raud paprika
- 2 gulrot
- 1 ss olje (oliven/raps/solsikke/kokos)
- 1 liter vatn
- 2 grønsaksbuljongar
- 2 boksar hakka tomat
- 1 ss tomatpuré
- 1 dl fullkornmakaroni
- 1 ts timian
- salt og peppar
Tilbehør:
- Snøfrisk
- friske urter
- godt brød
Dei fleste ingrediensane ovanfor finnast i økologisk variant, så unngår du sprøytemiddelrestar og får i deg grønsakene sitt eige immunforsvar i same slengen!
Slik gjer du:
- Skjær løk, kvitløk, paprika og gulrot i bitar.
- Fres grønsakene i oljen til løken har blitt blank.
- Smuldre grønsakbuljongen over grønsakene og fyll på med vatnet. Kok opp.
- Tilset hakka tomat, tomatpuré og timian. La småkoke i ti min, til grønsakene er møre.
- Kjør glatt med ein stavmiksar. Ha i makaroni og la småkoke i 7 min til dei er ferdige.
- Krydre med salt og peppar.
- Server suppe med ein raus klatt snøfrisk, friske urter og godt brød.
![tomatsuppe oppskrift hjemmelaget](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/03/DSC_0013-24.jpg)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.