Loaded Veggie Nachos

Knasande nachos med flust av gode smakar på toppen er det vel ingen som seier nei takk til? Denne retten er kjapp å snekre saman og populær å setje på bordet. Her får du min versjon av loaded veggie nachos.

Loaded Veggie Nachos

Basen er veldig enkel, med tortillachips gratinert i omnen og så lassa med gode smakar på toppen. Du kan sjølvsagt servere all toppingen i skåler ved sidan av, om det er slik at smakspreferansane er ulike rundt bordet. Eller lage ulike soner med ulik topping på brettet. Her er alt lov!

Andre gode toppingar er:

I tillegg så likar eg gjerne å tilsetje 4-5 aromasopp delt i små bitar saman med bønnene, dersom det er i orden for dei som skal smake på retten. Sopp bidreg med ekstra umami-smak som er perfekt å få meir av i ein rett som er vegetarisk og anbefalast varmt vidare.

loaded veggie nachos

Om du vil sjå steg for steg video av korleis det heile enkelt skal monterast saman så finn du det på Instagram reels: kvardagsmat. Lagar du oppskrifta må du gjerne tagge kvardagsmat slik at eg får sjå resultatet. Alltid gøy å sjå oppskrifter i bruk der ute!

Då står det berre ein ting igjen for meg å gjere, ønske deg velbekomme og lykke til med din loaded veggie nachos. Håper det blir ein favoritt hjå deg og dine også!

Oppskrift på Loaded Veggie Nachos

3-4 porsjonar / Tid: 30 min

Nachos

  • 0,5 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 kartong (230 g) svarte bønner
  • 1 ts oregano
  • 1 ts cumin
  • 1 ts korianderpulver
  • 1 ts (røykt) paprika
  • 2 x posar (185 g) tortillachips
  • 2-3 dl riven ost

Tomatsalsa

  • 10-12 cherrytomat
  • 0,5 rødløk
  • 0,5 bunt koriander
  • 0,5 lime
  • Litt salt

Guacamole

  • 2 avokado
  • 0,5 lime
  • Litt salt

Topping

  • 2 vårløk
  • 2 ss jalapenos
  • 5-6 ss rømme
  • 0,5 bunt koriander
  1. Nachos:
    Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
    Del løk i terningar og finhakk kvitløk. Steik løken til den blir blank, ha i kvitløk og steik vidare i 2-3 minutt.
    Skyl bønnene i eit dørslag og la renne godt av seg. Ha i bønnene i steikepanna saman med alt krydderet og steik i 3-5 minutt.
    Fordel tacochips utover eit bakepapirkledd steikebrett. Fordel bønne-blandinga utover og strø osten over.
    Steik midt i omnen i 10-15 minutt til osten er smelta og gyllen.

  2. Tomatsalsa:
    Del tomatane i fire, finhakk rødløk og koriander.
    Skvis limesaft over og bland det heile saman med litt salt.

  3. Guacamole:
    Mos avokadokjøttet med ein gaffel.
    Skvis lime over og bland med litt salt.

  4. Topping:
    Del vårløk i skiver og strø over den ferdig steikte nachosen.
    Fordel tomatsalsa over og strø over jalapenos.
    Legg guacamole og rømme i små klattar over.
    Strø koriander over til slutt og server med det samme.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.