Heimelaga TACOKRYDDER

tacokrydder

 

Det finnast sikkert like mange ulike tacokrydder som det finnast matbloggar. Smak deg fram, alt er lov! Her er min versjon:)

  • 3ts chilipulver
  • 3ts chiliflak
  • 3ts paprikapulver
  • 2ss spisskummen
  • 3ts malt koriander
  • 2,5ts oregano
  • 1-2ss salt
  • 3ts peppar

Bland alt og oppbevar på tett glas.

Forslag til bruk:

  1. Bruk 1-2ss krydder til 400g karbonadedeig.
  2. Server med fullkorntortilla og salat.
  3. Lag guacamole ved å mose ein avocado saman med 2 fedd kvitløk, litt salt og peppar og gjerne ein skvis sitron.
  4. Enkel salsa kan du lage ved å blande tomat, rødløk og raud chili, alt delt i små bitar.

Då er det berre å nyte fredagskvelden:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!