Rødbethummus

Kokt eller bakt rødbet gir ein nydeleg farge på hummusen, og er fin variasjon til den vanlege typen eller den grøne med avokado. Hummus er perfekt å servere som snack, saman med friske grønnsaker, ein god salat, kjeks eller på ein buffet.

Rødbethummus

Rødbethummus

For at det skal gå kjappast mogleg brukar eg ferdig kokte kikerter frå boks og deler rødbeten i terningar når eg skal koke den. På same måte som ein kokar poteter når ein skal lage potetmos veit du.

Om du har verkeleg dårleg tid, eller lite kjøkken, så kan du kjøpe ferdig kokt rødbet som er vakuumpakka i fruktdisken. Då har du rødbethummus ferdig på 5 minutt. Sånne triks er jo gode å ha i ermet til ein kveld ein treng det.

Rødbethummus

Har du god tid kan du omnsbake rødbetene eller bruke restar frå denne retten. Omnsbakte beter gir ein aldeles nydeleg smak og sødme som er verdt å få med. Uansett kva metode du vel å gå for så sit du igjen med ein fargeklatt av ein rett som gjer seg godt på bordet og som eg håper du likar!

rødbethummus

Her får du oppskrifta:

Oppskrift på Rødbethummus

3-4 porsjonar / Tid: 15 min

  • 1 rødbete
  • 225 g kokte kikerter (boks/kartong)
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ss tahini
  • Saft frå 1/2 sitron
  • 2-3 ss vatn
  • 1/2 ts salt
  1. Skrell rødbeten og del i terningar. Rødbete avgir mykje farge, så ver forsiktig. Ha rødbetbitane i ein liten kasserolle og fyll på med vatn til alt er dekka. Kok opp og la småkoke til rødbetbitane er møre, ca 30 min. Sjekk ved å stikke med ein kvass kniv.

  2. Skyl kikertene og la renne godt av seg.

  3. Ha alt i ei matmølle (foodprosessor) og køyr saman. Spe eventuelt med litt ekstra vatn om det trengst. Du kan bruke vatn frå springen, frå boksa med kikerter eller kokevatnet frå rødbetene.

  4. Ha over i ei skål, strø over litt frø som pynt og server med friske grønnsaker, tortillachips eller gode kjeks. Hummusen held seg i tett boks i kjøleskapet i ei lita veke.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.