Peanøttkuler

Snickerskuler er populært som julegodt og konfekt, men no når det snart er vår treng vi ein litt mer kvardags-type dessert. Difor presentrere eg med dette Peanøttkuler! Peanøttsmør og knasande cornflakesbitar som i snickerskulene, men utan sirup og sukker i tillegg. Peanøttkulene er i staden søta ved hjelp av dadlar, og det funkar aldeles utmerket!

peanøttkuler
peanøttkuler søta med dadler

Peanøttkuler

Dadlar og peanøttsmør er nydeleg berre i seg sjølv, eg anbefaler deg å dele ein daddel i to og legge på ei teskei peanøttsmør neste gong du har lyst på ein kjapp snack og kjøleskapet er tomt. Mmmm!

sunne snickerskuler

Vi snakkar sjølvsagt skikkeleg peanøttsmør, med typ berre peanøtter på ingredienslista. Og dermed kan du nyte kvardagssnacken din med eit smil.

peanøttkuler søta med dadlar

Peanøttkulene held seg heilt sikkert godt i kjøleskap, men det har vi ikkje fått testa her i heimen. “Poff” så var alle vekk!

Oppskrift på Peanøttkuler

15 stk / 6-8 porsjonar porsjonar / Tid: 20 min

  • 150 g peanøttsmør
  • 1/4 ts vaniljepulver
  • 40 g (2 dl) cornflakes
  • 2 dadlar
  • 100 g mørk sjokolade
  • 1 ss peanøtter
  1. Del dadlane i to og fjern steinen midt i. Finhakk dadlane, anten ved hjelp av kniv eller i ei matmølle.

  2. Bland inn peanøttsmør og vaniljepulver, brukar du matmølle kan du la det køyre med dadlane for å bli heilt samanblanda.

  3. Vend inn cornflakes og trill kuler som du set på eit bakepapirkledd brett.

  4. Set peanøttkulene i kjøleskap medan du smeltar sjokoladen.

  5. Kok opp ein liten kasserolle med vatn og la sjokoladen smelte i ei metall eller glasskål som står over. Skåla skal ikkje vere i kontakt med vatnet. Løft skåla vekk i frå varmen når sjokoladen nesten har smelta heilt, og rør godt. Du vil gjerne ha sjokoladen litt tjukk, slik at han legg seg som eit tjukt lag rundt kulene.

  6. Dypp kulene i den smelta sjokoladen og løft dei tilbake på bakepapiret. Dette er enklast å få til ved å bruke to gaflar. Strø hakka peanøtter på toppen før sjokoladen stivnar, og oppbevar kulene i kjøleskap.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi nye kokebok her! #reklame