Om meg

anita stokke blomvik

Velkommen til kvardagsmat.no!

Her vil du finne enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Aller dårlegast likar eg å setje inn i oppvaskmaskina (som passar litt dårleg med den første hobbyen) og butikkar med dårleg utval av frukt- og grønt .

Eg er sjølvlært på kjøkkenet og det heile starta i 2008, då vi gjekk frå å handle ulike halvfabrikatposar til middag til eit ønskje om å lage mest mogleg mat frå botnen av. 

Bloggen er eit verkty for å samle eigne oppskrifter, og målet er å forklare så enkelt at alle skal kunne klare å lage rettane, sjølv om ein ikkje er husvarm på kjøkkenet.

– Kan vi klare det, kan alle klare det!

Denne filosofien låg også til grunn då eg gav ut kokeboka “Kvardagsmat” i 2018. I boka er det middagsrettar som får spele hovudrolla, og den er laga med ingrediensar du finn på ein heilt vanleg matvarebutikk slik at det skal vere enkelt å kome i gong. 

Eg har prøvd og feila mange gongar i løpet av desse åra, og mitt beste tips til deg er å berre hoppe i det. Matlaging blir så kjekt når ein kan begynne å eksperimentere på eigenhand, og det er ingenting ein lærer betre av enn å gjere feil.

Om du finn noko du har lyst til å lage er det kjempe stas, og du må gjerne dele resultatet på Instagram. Har du kommentarar eller spørsmål når du meg lettast på Facebooksida til bloggen.

Skulle det vere slik at du finn ein feil i ei av oppskriftene blir eg takknemleg om du gir meg eit vink slik at vi får fiksa det! Send mail til anita@kvardagsmat.no

Lukke til på kjøkkenet!