Hummus

hummus

Hummus er nydeleg dipp til grønsaker, flatbrød, tortillachips eller tynne brødskiver som opprinneleg stammar dippen frå midtausten og ofte er brukt saman med falafel eller som fyll i wrap og pitabrød.

Hummus blir tradisjonelt laga av kikerter, tahini, kvitløk, sitron, vatn og olivenolje, men her finn du kvar familie sin eigen vri for å få den beste versjonen, og det er fritt fram for det å eksperimentere for å finne din favoritt.

Tahini brukte å vere ei utfordring å få tak i, men det siste året har eg sett det på nesten kvar einaste matbutikk eg har vore innom! Du finn det gjerne i hylla saman med glutenfrie produkt – glaset liknar litt på peanøttsmør. Tahini er på ein måte også eit slags smør, eller paste, men denne er laga av sesamfrø og sesamolje i motsetning til peanøtter. Får du ikkje tak i tahini og hummus-behovet melder seg kan du riste litt sesamfrø i ei steikepanne, knuse dei i ein morter og blande inn i kikertene i staden.

Eg likar dippen best når den er godt krema og mjuk, og tilset vatn til eg får passe konsistens. Her får du min versjon av deilig, sunn og god dipp:

oppskrift hummus

Hummus

  • 400 g (1 boks) ferdig kokte kikerter
  • 1-2 fedd kvitløk
  • 1-2 ss tahini (sesampasta)
  • 1 toppa ts spisskummen
  • 1/2 ts salt
  • 1-2 ss sitronsaft
  • ca 1/2 dl vatn
  • 4-5 ss ekstra jomfru olivenolje
  • litt paprikapulver
hummus

Slik gjer du:

  1. Skyll kikertene i eit dørslag og la renne godt av seg.
  2. Ha kikerter, pressa kvitløk, tahini, spisskummen, sitronsaft og nesten alt vatnet i ei matmølle med knivar og kjør glatt.
  3. Ha i 1 ss olivenolje, skrap ned langs kantane om det trengst og juster med så mykje vatn du treng for å få passe konsistens.
  4. Ha over i ei skål, ringle over olivenolje og strø paprikapulver over.
  5. Velbekomme!
lage hummus

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!