Avokado-hummus

avokado-hummus

Avokado-hummus er to ting på ein gong. Likar du guacamole og hummus kjem du til å elske dette! Ein superdigg dipp å ha til rå eller steikte grønsaker, burgerar, fiskerettar, gryter eller godt brød. Syrleg limesmak og prikkande chiliflak. YUM!

Avokado-hummus

avokado-hummus

Etter å ha mangla tahini i kjøkkenskapet når vi har hatt lyst på hummus har eg lært at ein kan bruke ganske mykje anna som erstatning. Nøttesmør (type mandel, cashew osv) funkar som gull, og kan brukast dersom du ikkje har tahini. I denne versjonen har eg brukt peanøttsmør, og det smakar nydeleg! Du kan altså lage hummus sjølv om du ikkje finn tahini på butikken;) Yey!

Her får du oppskrifta:

Oppskrift på Avokado-hummus

3-4 porsjonar / Tid: 15 min

  • 225 g kikerter (boks/kartong)
  • 1 avokado
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ts peanøttsmør
  • 1/2 lime
  • 1/2 ts chiliflak + til pynt
  • 1/2 ts salt
  • ca 1 dl god olivenolje + ekstra
  1. Skyl kikertene og la renne godt av seg.

  2. Ha alt i ei matmølle (foodprosessor) og køyr saman. Spe eventuelt med litt ekstra olivenolje om det trengst.

  3. Ha over i ei skål, dryss chiliflak over og ringle litt ekstra olivenolje på toppen. PS. Har du tahini kan du sjølvsagt bytte peanøttsmør med det.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.