Reklame

Sylta rødløk

Sylta rødløk er det perfekte tilbehøret til (nesten) alt. Super-enkelt å lage og med lang haldbarheit er det gull å ha eit glas ståande i kjøleskapet. Skal du ete ein blings med noko godt? Topp med sylta rødløk. Taco eller salat? Topp med sylta rødløk. Det passar til det meste, og så er det jo ein fest å sjå på med den flotte fargen!

sylta rødløk

Sylta rødløk

Den fine fargen kjem meir fram etter kvart som løken får stå i laken. Du kan gjerne ete sylta rødløk etter at du har lete det stå og avkjøle i eit kvarters tid. Men det smakar absolutt best om det får stå i kjøleskapet over natta. Og då har fargen verkeleg blitt fin. Knæsj rosa løk lyser opp ein kvar matrett.

sylta rødløk

Det er mogleg å krydre løken ved å legge krydder i laken, og la den stå med dette i. Stjerneanis ser jo lekkert ut til jul, nokre peparkorn smakar godt eller kanskje nellikspiker? Det er berre fantasien og smaksløken din som set grenser, her er det berre å teste.

sylta rødløk

Oppskrift på Sylta rødløk

1 glas / 6-8 porsjon / Tid: 20 min

  • 1 rødløk
  • 1 dl vatn
  • 1 dl Helios eplecidereddik
  • 1 dl sukker
  • 1 klype salt
  1. Del rødløk i tynne skiver eller ringar. Legg dei i ei glas med lokk til som du kan oppbevare dei i.

  2. Kok opp vatn, eplecidereddik og sukker under omrøring, slik at sukkeret blir oppløyst.

  3. Hell den varme blandinga over rødløken og la det stå på benken til det har blitt avkjølt. Skru på lokket og oppbevar i kjøleskap til du treng det. Nyt sylta rødløk på taco, skiver, gryter eller salat. Det perfekte tilbehøret!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.