Reklame

Nudelsalat med peanøttsaus

Ein frisk og god salat med smakar frå Asia som er ferdig på ti minutt sa du? Ja her er den! Ferdig kutta salatmix, glasnudlar som skal trekke i tre minutt og ein saus som du kjapt blandar saman. Med herleg krønsj frå peanøttene på toppen er denne lett å like.

Har du nokre minutt ekstra er det ingenting i vegen for å kutte grønsakene sjølv, eller kanskje nytte høvet til å rydde kjøleskapet? Det er opp til deg. Og finn du ikkje akkurat same salatmix som eg har brukt så er det ingen grunn til å la seg stoppe. Råkost-mix eller anna passar bra det også.

nudelsalat med peanøttsaus-1

Nudelsalat med peanøttsaus

Du kan også velge kor spicy du vil lage salaten, og er du skeptiske til sriracha chilisaus så kan du bytte den ut med ei teskei finhakka ingefær i staden. Då får du den friske stingen utan at det brenn. Når det er sagt så er ei teskei som det står i oppskrifta slett ikkje sterkt, heller ganske familievenleg. Så det er berre å smake seg fram og tilsette meir.

Oppskrift på Nudelsalat med peanøttsaus

3-4 porsjonar / Tid: 10 min

Nudelsalat

  • 300 salatmix (grønnkål, kål, raudkål, gulrot, beter)
  • 100 g glasnudlar

Peanøttsaus

  • 4 ss peanøttsmør
  • 3 ss tamari (soyasaus)
  • 1 ss sesamolje
  • 1 ss riseddik
  • 1 ss lønnesirup
  • 1 ts sriracha
  • 4-6 ss kaldt vatn

Tilbehør

  • Peanøtter
  • Lime
  • Frisk mynte
  1. Rør saman peanøttsausen og spe med vatnet til du får passe konsistens.

  2. Kok opp vatn som du kan legge glasnudlane i. Sjekk pakken, på min sto det tre minutt under lokk. Skyl dei så under kaldt vatn, la renne av seg og ha i ei salatskål. Bland inn litt over halvparten av peanøttsausen. TIPS: bruk ei rein saks, og klipp opp glasnudlane litt her og der. Då blir det enklare å forsyne seg av salaten.

  3. Bland inn salatmiksen, ha resten av peanøttdressingen over og topp med peanøtter, frisk mynte og lime. Enjoy!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Green Choice Peanøttsmør

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.