Eltefri focaccia med soltørka tomat
Ein av dei finfine tinga med å blogge er alle oppskriftene kjente og ukjente deler med meg. Det er stas og held verkeleg liv i matgleda! Denne oppskrifta fekk eg levert på døra frå ein god nabo heilt i starten av blogginga og har vore testa fleire gongar.
Focaccia er alltid kjekt å kunne servere ved sidan av rettane når det er selskap eller middag som krev godt brød, og å kunne lage deiga dagen før er aldeles glimrande. Då blir det mindre mjølsøl på benken samme dag som gjestane kjem, og meir tid til å få konsentrere seg om alt anna som skal vere klart.
I denne versjonen er det soltørka tomat og rosmarin, men den kan gjerne lagast med berre saltflak på toppen om du likar det best. Vil du lage deiga utan at du har tid til å langtidsheve kan du auke mengden tørrgjær frå 1/2 ts til ein pakke, og la deiga heve i 1-2 timar som vanleg.
Nydeleg på smak blir den uansett og kan anbefalast vidare!
Eltefri focaccia med soltørka tomat
Til ei lita langpanne treng du:
- 4 dl lunka vatn
- 500 g mjøl
- 1 ts salt
- 1/2 ts tørrgjær
- 5-6 ss hakka soltørka tomat i olje
- 2-3 ss olivenolje
- Maldonsalt og frisk rosmarin på toppen
Slik gjer du:
- Rør alt raskt saman og set til langtidsheving på benken, gjerne over natta, men i alle fall 8-10 t.
- Hell over i bakepapirkledd langpanne. Ringle over olivenolje og bruk fingrane til å trykke den nedi litt her og der.
- Strø godt med maldonsalt på og ha over frisk rosmarin.
- La etterheve i 30-45 min.
- Steik på 200 grader i ca 30 min.
- Avkjøl på rist.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.