Eltefritt grovbrød i gryte

GÅ RETT TIL OPPSKRIFTA

Eltefritt er favorittmetoden her i huset. Rør raskt saman deiga om kvelden, la deiga heve heile natta og nyt nysteikt brød til sein frukost eller lunsj. Har du forsøkt denne metoden ein gong er eg sikker på at du vil gjere det fleire gongar. Her får du oppskrifta på eit nydeleg brød med passe grovmjøl og gode frø.

Eltefritt grovbrød i gryte

Du treng i utgongspunktet ei gryte med lokk som tåler 250 grader. Har du ikkje det kan du bruke ei eldfast form eller ei heilt vanleg brødform utan lokk.

Har du berre eit steikebrett tilgjengeleg lagar du rundstykker av deiga i staden, sjå framgongsmåte her. Viss ikkje så kan du forme eit brød og steike på eit steikebrett. Då må du gjerne elte inn litt meir mjøl før du formar det som eit brød, men som du ser så funkar det meste med denne oppskrifta her.

Fordelen med å steike brødet i ei gryte er at det får den flotte fasongen uansett kor laus deiga er. I tillegg slepp du å tømme vatn inn i omnen for å få sprø skorpe, det ordnar nemleg lokket. Med lokk på toppen vil nemleg vatnet frå deiga bli verande inne i gryta og gi same effekten. Når du så tek av lokket og steiker vidare utan lokk ligg alt til rette for nydeleg skorpe.

Den eltefrie metoden gir altså nydeleg brød laga med lite arbeid men meir tid.

eltefritt grovbrød

Først publisert 19. november 2013.

Oppskrift på Eltefritt grovbrød i gryte

1 brød porsjon / Tid: 12-14 t

  • 50 g havregryn
  • 100 g sammalt kveite fin
  • 100 g sammalt kveite grov
  • 50 g sesamfrø
  • 50 g solsikkefrø
  • 400 g kveitemjøl
  • 1/2 ts tørrgjær
  • 1 ts flytande honning/sukker
  • 1 ts salt
  • 6 dl kaldt/lunka vatn
  1. Sett bakebollen på ei vekt, null ut, og mål opp direkte i bakebollen.

  2. Ha i vatnet og rør saman til ei klissete deig.

  3. Set på lokk og la heve 8-10 t, gjerne over natta.

  4. Brett deiga nokre gongar over seg sjølv i bakebollen og set på lokket igjen. Eg brukar gjerne ein slikkepott til denne brettinga.

  5. La etterheve i ca 30 min.

  6. Set gryta med lokk inn i omnen og skru på 250 grader over- og undervarme, slik at gryta får varme seg opp.

  7. Når omnen er varm tek du ut gryta (med tjukke gryteklutar) og velter/heller deiga over i gryta og rister litt på gryta slik at det ligg midt i. Strø gjerne litt mjøl på toppen som pynt.

    NB! Har du ei gryte som du trur brødet set seg fast i kan du legge bakepapir i gryta og helle deiga opp i papiret, eller strø godt med mjøl i gryta først. Prøv deg fram, gryter er ulike.

  8. Set på lokk og steik i 15 min. Ta så av lokket og steik vidare i 30 minutt på 230 grader.

  9. Avkjøl på rist i minst 20 minutt før du smakar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.