Glutenfrie rundstykker

Glutenfrie rundstykker er kjapt å røre saman, før deiga skal stå å kvile litt. Det vanskelegaste er å ha ingrediensane i hus. Men har du først fått kjøpt inn alt du treng har du dette i lang tid. Det er berre å finne ein stor matbutikk eller ein helsekost med det same!

glutenfrie rundstykkeGlutenfrie rundstykker

Rundstykka lagar du ved å setje toppar på eit bakepapir, her treng du ikkje å bli klissete på henda. Vil du bruke andre frø og kjerner enn det eg har brukt er det berre å bytte ut. Det er vesentleg at linfrøa er knuste når dei skal i deiga, då dei er med på å binde saman.

Linfrø blir som du kanskje veit som ein slags gelé når det blir knust og bløytt opp. I tillegg klarer kroppen å gjere nytte av dei når dei er knuste. Du får kjøpt ferdig knust på butikken, eller du kan bruke ei kaffikvern og gjere det sjølv. Eit lite tips der altså.

glutenfrie rundstykker
Dersom det er uoverkomeleg å ete alle rundstykka på ein gong så kan du gjerne fryse dei. Pakk dei tett og legg i frysaren. Når du skal bruke dei er det fint å la dei tine på benken, dele dei i to og gi dei ein omgong i brødristaren. Mmm! Hugsar du å ta dei ut av frysaren før du legg deg har du perfekt frukost dagen etter.

glutenfrie rundstykker

Oppskrift på Glutenfrie rundstykker

12 stk / 6 porsjonar / Tid: 2 t

  • 5 dl vatn
  • 100 g havremjøl
  • 120 g jyttemjøl
  • 75 g glutenfri havregryn
  • 1 dl solsikkekjerner
  • 1 dl graskarkjerner
  • 1/2 dl knuste linfrø
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts salt
  • 1 ss loppefrøskall/­fiberhusk
  1. Mål opp alt det tørre og bland inn vatnet. La røra svelle i minst 30 minutt, til loppefrøskalla har gjort deiga fast.

  2. Set omnen på 175 grader over- og undervarme.

  3. Bruk to spiseskeier og lag rundstykker som du set på eit bakepapirkledd steikebrett.

  4. Steik rundstykka midt i omnen i ca 60 minutt, til dei er gylne under. Avkjøl heilt før du deler dei.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.