Proteinrund­stykker med skinke, ost og soltørka tomat

Proteinrundstykker med skinke, ost og soltørka tomat er perfekt nistemat. Det trengst ikkje noko meir pålegg, det er berre å nyt rundstykka som dei er. Perfekt å ta med ut av huset og inspirasjonen kjem frå ein elevkveld vi var på no i haust. Det glutenfrie innslaget på bordet var rundstykker som likna då dette, og då måtte det sjølvsagt testast ut heime. Suksess!

proteinrundstykker med skinke, ost og soltørka tomat

Proteinrundstykker med skinke, ost og soltørka tomat

Dersom du vil ha ein glutenfri versjon må du passe på å bruke glutenfrie havregryn. Sjølv om havregryn er naturleg glutenfritt kan dei vere smitta av gluten frå anna produksjon, og det er ikkje reint nok for dei som er på strikt glutenfri diett. Treng du ikkje ta slike omsyn brukar du sjølvsagt vanleg havregryn.

Du kan sjølvsagt kutte ut skinka i rundstykka om du vil ha ein vegetarisk versjon, det smakar nydeleg godt med berre ost, soltørka tomat og krydder.

proteinrundstykker med skinke, ost og soltørka tomat

Oppskrifta er utarbeida frå oppskrifta til proteinrundstykka her på bloggen, som finnast både som proteinbrød, brødvaflar og julekrydra havregrynsrundstykker. Sidan det ikkje trengst heving, og ingrediensane er lette å finne, er dette ei kjær oppskrift som er mykje i bruk her i heimen.

proteinrundstykker med skinke, ost og soltørka tomat

Oppskrift på Proteinrund­stykker med skinke, ost og soltørka tomat

16 stk / 8 porsjonar / Tid: 30 min

  • 400 g cottage cheese
  • 4 egg
  • 1 ss bakepulver
  • 1 ts oregano
  • 1 ts salt
  • 300 g havregryn
  • 2 ss hakka soltørka tomat
  • 3 ss skinke i bitar
  • 3 ss ost i terningar
  1. Set omnen på 180 grader varmluft.

  2. Køyr cottage cheese og egg til ei jamn blanding. Vend inn bakepulver, oregano, salt, havregryn, soltørka tomat, skinke og ost.

  3. Form rundstykker og set på eit bakepapirkledd steikebrett.

  4. Steik rundstykker i 20 minutt, til dei er gylne.

  5. Avkjøl på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.