Protein­rundstykker

Desse rundstykka rører du raskt saman, formar til rundstykker og set rett i steikeomnen. Ingen heving og dermed supre å lage ein kveld du vil ha noko godt å ete. Dei er knallgode når dei kjem rett frå omnen og er nysteikte, men faktisk like gode etter ein runde i frysaren.

proteinrundstykker

Legg dei du får til overs i ein pose og så er det berre å ta dei opp frå frysaren og la dei tine på benken over natta, så har du finfin frukost. Har du tid kan du godt varme dei nokre minutt på 150 grader varmluft, då er dei nesten som nysteikte igjen.

Desse rundstykka delte eg på instagram (kvardagsmat), og eg legg ved bileta av korleis det såg ut. Følg meg gjerne om du vil ha matinspirasjon i kvardagen, og tag meg gjerne med det du lagar! Alltid kjekt å sjå:)

proteinrundstykker

proteinrundstykker snapchat

proteinrundstykker snapchat

snapchat oppskrift

snapchat oppskrift

PS. Havregryn er naturleg glutenfritt, så her får du redusert inntaket av gluten om det er eit mål. Skal det vere heilt glutenfritt må du velge glutenfri havregryn som ikkje har blitt smitta av gluten under produksjon.

 

Oppskrift på Protein­rundstykker

16 stk / 4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 500 g (2 boksar) cottage cheese
  • 4 egg
  • ca 300 g havregryn
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts salt
  • litt sesamfrø til pynt (kan sløyfast)
  1. Set omnen på 180 grader varmluft eller 200 grader over- og undervarme.

  2. Ha cottage cheese, egg, bakepulver og salt i ein bolle og kjør glatt ved hjelp av ein stavmiksar eller ei matmølle (foodprosessor).

  3. Vend inn havregryn til ei jamn deig.

  4. Form runstykke vha to spiseskeier eller ei isskei og sett på bakepapirkledd steikebrett. Strø sesamfrø på toppen.

  5. Strø over sesamfrø om du vil og steik i ca 20 min, til rundstykka er gylne.

  6. Avkjøl på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!