Proteinbrød

protein brødProteinbrød er ein vri på dei populære proteinrundstykka som ofte blir laga her i heimen når vi treng brødmat på 1-2-3. Ofte hamnar resten av rundstykka i frysaren, slik at dei enkelt kan varmast i omnen i 5-7 min om morgonen til frukost.

Fleire gongar har eg tenkt at det ville jo vore genialt å kunne tina dei i brødristaren, men rundstykka har vore for store til det. Dermed blei løysinga å lage proteinbrød! Brødet blir delt i skiver og lagt i frysaren, så tek eg opp to skiver i gongen og legg dei i brødristaren om morgonen.

Min favoritt er rykande varme med mykje smør og brunost på, gjerne med ein kopp sterk kaffi til. Mmmm!

proteinbrød proteinbrød med cottage cheese

Til 1 proteinbrød treng du:

  • 500 g (2 boksar) cottage cheese
  • 500 g havregryn
  • 4 egg
  • 1 ss bakepulver
  • 1 ts salt
20160123-DSC_0144

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 180 grader varmluft.
  2. Ha cottage cheese, egg, bakepulver og salt i ein bolle og kjør glatt ved hjelp av ein stavmiksar (eller bruk ein blender).
  3. Vend inn havregryn og klapp saman til ei jamn deig.
  4. Ha over i ei bakepapirkledd brødform og trykk jamt uttover.
  5. Steik på nederste rille i ca 45 min, til brødet er gyllent.
  6. Avkjøl på rist.
brød med cottage cheese

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!