Eltefritt langpannebrød med rug

Eltefritt langpannebrød med rug har blitt baka jamt dei siste vekene her i heimen. Den eltefrie metoden er ein favoritt, og oftast blir det eltefrie rundstykker. Det går kjapt og greitt, og heilt på autopilot. Men så er det denne forandringa som fryder då. Og då kom eltefritt langpannebrød på bana!

eltefritt langpannebrød med rug

Eltefritt langpannebrød med rug

Langpannebrød er jo eit populært brød å sende med kidsa i matboksen, så kvifor ikkje lage ein eltefri versjon? Etter litt prøving fann vi fram til mengda som du finn under, den passa perfekt til ei langpanne. Eg let deiga heve på kjøkkenbenken frå morgon til kveld, og skrapar den så over på eit bakepapirkledd steikebrett.

Strø litt ekstra mjøl på deiga, då er det enkelt å klappe den flat. Du kan rute opp med eit pizzahjul, ein kniv eller ein spiss slikkepott. La brødet stå på benken og «heve» seg medan omnen varmar seg opp, og steik det så i 50-60 minutt. Når brødet er gyllent under er det ferdig. Avkjøl på rist og nyt nybakt brød til kveldsmat og skulelunsj dagen etter.

eltefritt langpannebrød med rugBrødet kan frysast om du ikkje klarer å ete alt på ein gong.

eltefritt langpannebrød

TIPS:

Du kan sjølvsagt bruke denne deiga og forme rundstykker i staden, eller steike det i ei vanleg brødform eller ei stor gryte med lokk. Har du ikkje grov sammalt rug kan du bruke det finmalne i staden, eller sammalt kveite.

 

Oppskrift på Eltefritt langpannebrød med rug

8-10 porsjonar / Tid: 1 t + over natta

  • 200 g grovt sammalt rugmjøl
  • 600 g kveitemjøl +ekstra til utbaking
  • 1 ts salt
  • 1 ts sukker
  • 1 ts tørrgjær
  • 8 dl vatn
  1. Rør saman alle ingrediensane og set på eit lokk på bakebollen. Legg eventuelt ein stor tallerken over bollen, om du ikkje har passande lokk.

  2. La deiga heve på kjøkkenbenken over natta, eller i 8-12 timar.

  3. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  4. Skrap deiga ut av bakebollen og over på eit bakepapirkledd steikebrett. Strø litt mjøl over deiga og klapp den flat ved hjelp av henda.

  5. La etterheve utan tildekking på benken i ca 15 minutt. Rut opp deiga med ein spiss slikkepott eller ein kniv.

  6. Steik brødet midt i omnen i 50-60 minutt, til brødet er gyllent under. Avkjøl på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.