Enkle eltefri rundstykke

Enkle eltefri rundstykke er kanskje den brødmaten vi har laga mest av i heimen. At det krev berre to minutt og gir null søl på benken gjer at terskelen er låg. Sjølv om du har slukna på sofaen og er på veg til sengs orkar du å røre saman denne deiga før du legg deg.

eltefri rundstykke
Vi har hatt veldig kjekt besøk frå Norge dei siste vekene, og då er det fint å servere noko godt til frukost og kvelds. Det måtte sjølvsagt bli eltefritt for å unngå å bruke unødig tid på kjøkkenet. Det er jo så mykje anna kjekt å finne på! Og når steikinga skal gå ekstra raskt blir det rundstykke i staden for brød. Rør raskt saman deiga, la den heve i 8-10 timar og server rundstykker ein halvtime etter du har stått opp.

Enkle eltefri rundstykke

frokost rundstykke
Deiga formar du til rundstykker ved å bruke denne metoden her. Eller bruk ei isskei og legg små klumpar på eit bakepapirkledd steikebrett. Om rundstykka ikkje ser heilt runde ut eller sprekk litt opp gjer ingenting synes eg. Smaken av nysteikte runstykker overgår alt, og eit rustikk preg funkar fint.

no knead rundstykkeRundstykka kan du fryse ned om du ikkje vil ete alt med ein gong. Det er berre å tine dei og så lune dei litt i steikeomnen før servering. Ikkje heilt som nybakt, men jaggu ikkje langt i frå.

TIPS: Fullkornskveitemjøl kan byttast ut med sammalt kveitemjøl eller sammalt rugmjøl.

 

Oppskrift på Enkle eltefri rundstykke

  • 150 g fullkornskveitemjøl
  • 350 g kveitemjøl
  • 50 g sesamfrø
  • 25 g linfrø
  • 25 g solsikkekjerner
  • 1 ts tørrgjær
  • 1/2 ts salt
  • 1 ss flytande honning
  • 5 dl lunka vatn
  1. Ha alle dei tørre ingrediensane i ein bolle (eg set bakebollen rett på vekta for å måle opp).

  2. Tilset vatn og honning.
    Rør alt raskt saman til ei klissete deig og la heve ca. 10 timar, gjerne over natta.

  3. Bruk ein slikkepott og brett deiga nokre gongar over kvarandre, før du har den over på eit bakepapir og brettar den slik at du får forma ei avlang pølse. Strø med litt mjøl og legg over eit kjøkkenhandkle, eller berre la den ligge på benken som den er.

  4. La heve medan omnen får varme seg opp til 250 grader med eit steikebrett inni.

  5. Del pølsa opp i rundstykker vha ein kniv eller ein spiss slikkepott. (Eit tips her er å bløyte kniven/slikkepotten mellom kvar gong du deler deiga, då heng ikkje deiga fast.)

  6. Dra bakepapiret over på det varme steikebrettet og skru ned til 230 grader.

  7. Steik midt i omnen i 12-15 min. Avkjøl på rist og servér nydelege heimelaga rundstykker.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.