Lasagne med grønsaker

grønnsakslasagne

Denne lasagnen har både tomatsaus og ostesaus, og eg kan nesten garantere at dei du serverar den til ikkje vil leggje merke til at den manglar kjøt i seg. Ein nydeleg omnsrett full av næringsfulle og vitaminrike grønsaker, med ei god mettheitskjensle etterpå! Prøv då vel:)

Til 5-6 personar treng du:

Tomatsaus:

  • 1 løk
  • 2-3 fedd kvitløk
  • 1 squash
  • 1 paprika
  • ½ sellerirot
  • 2 selleristang
  • 2 gulrot
  • 2 boksar hakka tomat
  • 1-2 ss tomatpuré
  • 1 pakke (ca 250 g) raude linser
  • 1 ts basilikum
  • 1 ts oregano
  • salt og peppar

Ostesaus:

  • 2 ss smør
  • 2-3 ss kveitemjøl
  • 4-5 dl mjølk
  • ein neve riven ost
  • 1 klype malt muskatnøtt
  • 6-8 lasagneplater
  • Riven ost på toppen
grønsaklasagne

Slik gjer du:

Tomatsausen:

  1. Skjær alle grønsakene i terningar, finhakk kvitløken.
  2. Fres grønsakene på middels varme i litt nøytral olje (solsikke/raps) i nokre minutt.
  3. Ha over hakka tomat og tomatpurè. Kok opp.
  4. Skyll av linsene i eit dørslag. Ha dei i sausen.
  5. Smak til med krydder og la småkoke medan du lagar ostesausen.
tomatsaus linser

Ostesausen:

  1. Smelt smøret og rør inn mjølet.
  2. Spe med mjølk og rør kraftig mellom kvar gong, slik at du får ein jamn kvit saus.
  3. La småkoke nokre minutt.
  4. Smak til med muskat, salt og peppar.
  5. Rør inn ein neve ost.
kvit saus kvit saus hvit saus

Montering:

  1. Legg tomatsaus, lasagneplater og ostesaus lagvis i ei eldfast form. Start og avslutt med tomatsaus.
  2. Ha over riven ost.
  3. Steik i 35-40 min på 200 grader.
  4. Server med grøn salat og heimelaga baguette.
lasagne

Følg meg gjerne på instagram og snapchat: kvardagsmat

🙂

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.