Baguette

baguette

Til to stk treng du:

  • 500 g kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • 1 ts sukker
  • ½ pk tørrgjær
  • 4 dl lunka vatn
baguette

Slik gjer du:

  1. Rør saman alle ingrediensane, set på lokk og la heve så lenge du har tid. Gjerne 2-3 t.
  2. Set omnen på 200 grader med eit steikebrett inni.
  3. Del deiga i to og ha delane over på bakepapir med mjøl på.
  4. Bruk mjøl på henda og tvinn/dra til du får forma ein baguette.
  5. Legg over plast, og la heve i 15-20 min.
  6. Dra bakepapiret over på det varme steikebrettet og steik i 15-20 min.
  7. Baguettane er ferdige når dei er gyldne under.
  8. Avkjøl på rist.

baguetteServer til lasagne, gryter eller andre rettar der du vil ha godt brød til.

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.