Rødkål

rødkål

Raudkål er lett å lage sjølv, og kan fint lagast dagen før. Av eit kål blir det ein raus porsjon, men alt skal jo bugne til jul og ein vil gjerne ete restar i dagane etterpå, så eg lagar av eit heilt kålhovud uansett:)

For ein raus porsjon treng du:

  • 1 kg rødkål (1 middels stort kål)
  • 2 syrlige epler
  • 1 ts salt
  • 2,5 dl vatn (eller kjøtkraft)
  • 2 ts eddik
  • 3 ss sukker
  • 1 ss smør

Slik gjer du:

  1. Skjær kål i tynne strimlar, skrell epla og del dei i båtar.
  2. Ha smør i botnen og legg kål og epler lagvis.
  3. Hell over vatn, eddik og salt og kok opp.
  4. Legg på lokk og la det dampe/småkoke til kålen er mør, i ca. 45-50 min. Rør undervegs.
  5. Smak til med sukker (saft er óg fint å bruke) og server.

TIPS: Har du ribbefett frå anten pinnekjøtt eller svineribbe kan du røre inn 2-3 ss av dette i rødkålen før servering for å få ekstra god smak på rødkålen.

PS. Biletet er teke før kokinga byrja, når rødkålen er ferdigkokt er den sjølvsagt heilt raudfarga:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.