Fiskegrateng med fullkornmakaroni

fiskegrateng med fullkornmakaroni

Til 4-5 personar treng du:

  • 700 g torsk
  • 250 g fullkornmakaroni
  • 1/2 purre
  • 3 egg
  • 2 ss smør
  • 2 ss kveitemjøl
  • 5 dl mjølk
  • 1/2 ts muskat
  • salt og peppar
  • 4 knekkebrød

Oppskrift:

  1. Lag kvit saus: smelt smøret og rør inn kveitemjølet. Spe med mjølka litt og litt, rør kraftig og la det koke opp mellom kvar gong for å unngå klumpar. Ha i kryddera og la småkoke på svak varme i ti min, før du set til side for avkjøling.
  2. Steik fisken til den flakar seg.
  3. Kok makaroni.
  4. Skil egga og rør plommene inn i sausen.
  5. Stivpisk eggekvitane.
  6. Bland saus, fisk og makaroni. Vend forsiktig inn eggekvitane. Ha over i ei form. Knus knekkebrøda og strø over.
  7. Steik i 30-40 min på 200 grader over- og undervarme.

Tips til enkel middag:

Lag alt klart kvelden før, sett den i kjøleskapet og ha den i omnen når du kjem heim. Kok poteter og nyt ein halvtime til å gjere heilt andre ting enn å lage middag:)

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.