Reklame

Biscotti med tranebær

Biscotti med tranebær er tørre kaker med italiensk opphav. Steikt som ei lang, flat pølse og så delt i skiver. Tørre, sprø og perfekte å dyppe i ein god kopp kaffi. Tradisjonelt skal kakene steikast etter at dei er delte i skiver også, men dei blir tørre nok etter ei runde i steikeomnen. Men du kan jo ha det i bakhovudet om kakene dine ikkje blir tørre nok etter ein omgong i omnen.

biscotti med tranebær

Biscotti med tranebær

Biscotti kan smaksettast med ulike nøtter, ulik tørka frukt og ulike skal. Appelsinskal og sjokoladebitar er ein nydeleg kombo spør du meg. Eller hasselnøtter og sjokolade. Her er moglegheitene mange, og heilt opp til deg. denne versjonen har søte og gode tranebær sman med mandlar og hasselnøtter. Mmmm! Nydeleg.

 

biscotti med tranebær

Oppskrift på Biscotti med tranebær

ca 70 stk / porsjonar / Tid: 60 min

  • 120 g mandlar
  • 100 g hasselnøtter
  • 150 g smør
  • 200 g sukker
  • ca 350 g kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • Gult skall av 1/2 sitron
  • 3 egg
  • 2 dl Helios tranebær
  1. Ha mandlar og hasselnøtter på eit steikebrett og rist dei i 10 min på 200 grader over- og undervarme. La avkjøle litt og grovhakk dei så.

  2. Skil egga og stivpisk eggekvitene.

  3. Rør saman mjukt smør og sukker til det er ei jamn blanding utan klumpar. Rør inn eggeplommer, bakepulver, kveitemjøl, sitronskal og tranebær.

  4. Vend grovhakka mandlar, hasselnøtter og stivpiska eggekviter.

  5. Juster med meir kveitemjøl dersom deiga ikkje heng saman.

  6. Del opp i tre delar og form til tre flate pølser på eit bakepapirkledd steikebrett.

  7. Steik midt i omnen på 180 grader i 30 minutt.

  8. Avkjøl i 5-10 minutt, del så opp i ca 1 cm skiver. La avkjøle på rist til kakene er heilt kalde, oppbevar i tett boks.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.