Mørk brownies med dadlar (vegansk og glutenfri)

Mørk sjokolade er noko av det beste eg kan få, og er du like glad i det som meg kan du glede deg til denne klissete mørke browniesen som du finn oppskrifta på under her. Den er laga med ingrediensar som eg stort sett alltid har i kjøkkenskapet, så kanskje du har dei ståande også?

Havregryn brukar vi mykje av her i heimen, det går ned på høgkant som havregrynsgraut og er godt i brødbaksten og i kjeks. Dadlane ligg klare i kjøleskapet for enkelt å kunne nyte ein daddel-snack. Tahini er på plass for å kunne lage rødbethummus eller vanleg hummus. Og resten av ingrediensane står stort sett klare i skapet dei også.

Mørk brownies med dadlar (vegansk og glutenfri)

I oppskrifta har eg brukt plantemjølk, men du kan sjølvsagt bruke vanleg mjølk om du heller vil det. Har du ikkje tahini så kan du bruke peanøttsmør, cashewsmør eller mandelsmør i staden.

Pass på at du brukar glutenfrie havregryn om kaka skal vere glutenfri, og vegansk sjokolade om kaka skal vere vegansk.

Håper kaka fell i smak!

Oppskrift på Mørk brownies med dadlar (vegansk og glutenfri)

4-6 porsjonar / Tid: 30 min

Kake

  • 2 dl (glutenfri) havregryn
  • 10 dadlar
  • 6 ss (rå) kakao
  • 1/4 ts salt
  • 2 dl plantemjølk
  • 2 ss lønnesirup
  • 3 ss tahini
  • 1 ts bakepulver

Topping

  • 100 g mørk (vegan) sjokolade
  • 1 dl valnøtter
  1. Set omnen på 180 grader over- og undervarme. Finn fram ei brødform og kle den med bakepapir.

  2. Køyr havregryn i matmølle til det blir havremjøl. Set til side.

  3. Fjern steinane frå dadlane og ha dei i matmølla. Køyr til dei blir ei jamn masse, eller veldig finhakka.

  4. Ha resten av ingrediensane i matmølla og puls nokre gongar slik at det blir ei jamn røre.

  5. Hell røra over i den bakepapirkledde brødforma. Steik midt i omnen i 20 minutt.

  6. La kaka avkjøle på rist i 15 minutt, før du heller over smelta mørk sjokolade og strør nøtter over. Nyt!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.