Reklame

Havrekjeks med sjokolade og valnøtter

Havrekjeks med sjokolade og valnøtter er alt du vil ha frå eit havrekjeks. Nydeleg smak av havre, knasande valnøtter og nydelege bitar av sjokolade. At kjeksa er ferdige på ein halvtime gjer at dette er ein favoritt, både til jul og ellers i året.

havrekjeks med sjokoladebitar og valnøtter

Havrekjeks med sjokolade og valnøtter

I oppskrifta er det havremjøl og havregryn. Du kan bruke havremjøl som du kjøper på butikken, eller du kan lage havremjøl sjølv. Det gjer du enkelt ved å køyre det i ei matmølle med S-knivar i nokre få minutt. Har du ein kraftig blender kan du bruke den i staden. På denne måten kan kjeksa lett gjerast glutenfrie, ved å bruke glutenfritt havregryn.

havrekjeks med sjokoladebitar og valnøtter

Dersom du må ta omsyn til nøtteallergiar kan du sjølvsagt kutte ut nøttene, kjeksa blir gode utan valnøtter også;)

havrekjeks med sjokoladebitar og valnøtter

Oppskrift på Havrekjeks med sjokolade og valnøtter

16 kjeks / 8 porsjonar / Tid: 30 min

  • 150 g havremjøl (malt havregryn)
  • 50 g havregryn
  • 0,5 ts bakepulver
  • 0,5 ts Helios vaniljepulver
  • 75 g rørsukker/brunt sukker
  • 100 g mjukt smør
  • 1 egg
  • 100 g mørk sjokolade
  • 1 dl Helios valnøtter
  1. Set omnen på 180 grader over og undervarme.

  2. Mal havregryn til havremjøl i ei matmølle, eller bruk ferdig havremjøl frå butikken.

  3. Ha alle ingrediensane i ein bakebolle, med unntak av egget, sjokoladen og valnøttene, og bland saman ved hjelp av ein K-spade. Har du ikkje kjøkkenmaskin tilgjengeleg kan du bruke fingrane i staden og smuldre saman deiga.

  4. Bland i egget.

  5. Grovhakk sjokoladen og valnøttene og bland inn.

  6. Bruk to spiseskeier og set 16 toppar på eit bakepapirkledd steikebrett.

  7. Steik midt i omnen i 18-20 min, til kjeksa er gylne i kanten. La kjeksa avkjøle på brettet.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.