Skumkake

Skumkake er min barndoms favoritt; ikkje noko barneselskap utan.  Og den tradisjonen kan eg lett overføre vidare til mine born. Kven likar vel ikkje kokosbollar? Her får du kakeversjonen!

Skumkake

Skumkake

Mjuk og søt på innsida, knasande mørk sjokolade på utsida. Dette er ei kake som er lett å like for både små og store. Om du vil smøre sjokoladeglasuren på sidene av kaka kan du gjerne gjere det. Men for å gjere det enklast mogleg, og søle minst mogleg med sjokoladen likar eg å ha den berre på toppen. Og så ser det flott ut også då!

Oppskrifta finn du under her. Håper kaka fell i smak!

kokosbollekake
skumkake

TIPS!
For å lage skumkake må du lage marengs, og då gjeld det å ha ein heilt rein miksebolle. Har du feitt i bollen, eller litt av eggeplomma, klarer du ikkje å få marengs. Så pass på at du ikkje får med noko av eggeplommen når du skil eggekvita frå eggeplommen.

Oppskrift på Skumkake

6-8 porsjonar / Tid: 30 min + avkjøling over natta

Kake

  • 4-5 ss kokosmasse
  • 4 eggekviter
  • 250 g sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 8 gelatinplater
  • 1 dl kokande vatn

Sjokoladeglasur

  • 200 g mørk sjokolade
  • 1 ss kokosolje
  • Jordbær til pynt
  1. Finn fram ei rund form på 22 cm. Bruk berre ringen, og set den direkte på kakefatet du skal bruke. Strø 2-3 ss kokosmasse jamt på fatet, slik at skumkaka ikkje sit fast når du skal servere den.

  2. Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn.

  3. Bland sukker og vaniljesukker.

  4. Ha eggekviter og halvparten av sukkeret i ein miksebolle og visp til det skummar. Tilset resten av sukkeret litt etter litt, medan miksaren går. Visp til du har tjukk og blank marengs.

  5. Klem ut vatnet frå gelatinplatene og rør dei inn i det varme vatnet til alt er oppløyst.

  6. Hell vatnet i ein tynn stråle, litt og litt, i marengsen medan miksaren går til alt er godt blanda.

  7. Fordel marengsen i kakeforma, jamn ut så godt du kan.

  8. Set kaka i kjøleskap over natta, eller i allefall 3-4 timar.

  9. Smelt grovhakka sjokolade og kokosolje i ein bolle over vassbad.

  10. Hell sjokoladen over kaka og strø 1 ss kokosmasse over sjokoladen. Spar resten til kaka skal serverast.

  11. Set kaka tilbake i kjøleskap til sjokoladen har stivna. Skjær rundt kanten på kakeforma og losne kakeringen. Strø resten av kokosmassen på toppen og pynt med jordbær.

  12. Vil du unngå at sjokoladen sprekk opp når du deler i kaka kan du la den stå framme i 20-30 minutt først. Bruk ein skarp kniv og skjær deg gjennom sjokoladelaget. Nyt!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.