Festkaker til 17.mai

Skal du bake til 17. mai? Treng du litt inspirasjon? Då har du klikka inn på rett blogginnlegg. Her finn du mine favorittar, både til å levere som dugnadskake og til å setje på kakebordet heime.

Ha ein fin 17. mai!

marsipankake med friske bær

Marsipankake med friske bær

Marsipankake med friske bær er verkeleg ei festkake! Og dette marsipanlokket er ikkje så vanskeleg å få til som du kanskje fryktar. Trikset er å kjevle marsipanen mykje større enn… Fortsett å les »

suksessterte

Suksessterte

Suksessterte eller Gulekake som vi kallar den. Treng denne kaka meir introduksjon? Dette er kaka som alle (ok…dei fleste da) likar og som er gull å ha på kakebordet. Denne… Fortsett å les »

lanpanne sjokoladekake

Sjokoladekake i langpanne

   Sjokoladekake i langpanne er bankers å servere i barnebursdag eller når det skal vere dugnad, barnehagefest eller 17.mai. Enkel, god sjokoladekake som både born og vaksne likar godt. Dess… Fortsett å les »

bringebærkake på nøttebunn

Bringebærkrem på mandelbotn

Bringebærkrem på mandelbotn er ei flott kake å setje på kakebordet, og med sin freshe rosa farge skil den seg litt frå dei fleste andre kaker. Mandelbotnen er perfekt å… Fortsett å les »

Iskake med Daim

Iskake er genialt. Du lagar den lenge før du treng den, og unngår oppvask og stress den dagen du skal ha gjestar. Denne versjonen har eg fått av ei tante… Fortsett å les »

Verdens Beste – Kvæfjordkake

Verdens Beste – Kvæfjordkake. Denne kaka treng vel neppe å bli introdusert? Den har blitt kåra til Noregs beste kake fleire gongar og går like ofte under namnet “Verdens Beste”… Fortsett å les »

rå snickers

Rå snickers

Denne rå snickersen forsvann fort, og blei populær på snapchat og instagram før den i det heile tatt kom på bloggen! Klebig, salt og søt på ein gong var tydelegvis… Fortsett å les »

pavlova 17.mai

Pavlova i langpanne

Pavlova er kanskje mi absolutte favorittkake. Marengs, krem og friske bær er jo godt kvar for seg, men absolutt best saman. Eg diggar at botnen kan lagast klar lang tid… Fortsett å les »

fransk sjokoladekake

Fransk sjokoladekake med bringebærsaus

Fransk sjokoladekake med bringebærsaus har eitt lag kake og eitt lag sjokolademousse på toppen. Men det geniale er at det er same røra. Det underste laget er sjokolademousse som blir… Fortsett å les »

jordbær kake

Pavlovarull

Likar du Pavlova likar du garantert Pavlovarull. Det er praktisk talt samme kaka, berre at den er rulla saman og servert som ei rullekake i staden. Den tradisjonelle Pavlova-kaka må… Fortsett å les »

Ostekake med bringebærlokk

Ostekake med bringebærlokk stod på kakebordet då vi inviterte til familieselskap for den ferske åtteåringen vår. Rett etter jul og nyttår er det merkeleg lite interesse for søte kaker og… Fortsett å les »

sjokoladekake 17.mai

Sjokoladekake med mascarponekrem og bringebæroverraskelse

Sjokoladekake med mascarponekrem og bringebæroverraskelse i samarbeid med Hoff Potetmel /annonse/ Kjenner du til Piñata? Denne figuren full av godteri som ein slår på til det går hol? Vel, her… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!