Verdens Beste – Kvæfjordkake

Verdens Beste – Kvæfjordkake. Denne kaka treng vel neppe å bli introdusert? Den har blitt kåra til Noregs beste kake fleire gongar og går like ofte under namnet «Verdens Beste» som «Kvæfjordkake». Det er deilig marengs, vispa krem og vaniljekrem og kakebotn. Det heile er jo veldig likt pavlova, berre at du har ein kakebotn under marengsen. Og kven sa at du ikkje kunne pynte denne kaka også med bær? Klart du kan!

verdens beste kake
Når ein lagar pavlova er det stort sett alltid anbefalt å ha over kremen og bæra rett før servering. På den måten unngår du at marengsbotnen blir blaut, men beheld den deilige spørheita si. Sidan Kvæfjordkaka har kakebotn i tillegg til marengs kan du unngå blaut marengs ved å leggje kakebotnane med kakesida inn mot kremen. Smart eller? Då kan du klargjere kaka kvelden før selskapet og så held kaka seg fint til dagen etter i kjøleskapet.

verdens beste - kvæfjordkakeTIPS:

  • Bytt ut kveitemjøl med lyst glutenfritt kakemjøl og lag glutenfri kake.
  • Legg kakebotnane med marengsen vendt ut, både mot kakefatet og oppover. Då beheld du marengsen sprø og crisp.
  • Lag vaniljekremen sjølv, det er kjapt og enkelt. Sjå oppskrift under.

Verdens Beste – Kvæfjordkake

kvæfjord kake

Oppskrift på Verdens Beste – Kvæfjordkake

8-10 porsjonar / Tid: 1 t

Kakebotn

  • 150 g sukker
  • 150 g smør
  • 150 g kveitemjøl/glutenfritt mjøl
  • 1 toppa ts bakepulver
  • 5 eggeplommar
  • 0,5 dl H-mjølk

Marengs

  • 5 eggekviter
  • 200 g sukker
  • 0,5 dl mandelflak

Vaniljekrem

  • 4 eggeplommar
  • 1/2 vaniljestang
  • 4 ss maizenna
  • 100 g sukker
  • 5 dl H-mjølk

Krem

  • 3 dl kremfløyte
  • 1 ss sukker
  1. Set steikeomnen på 175 grader over- og undervarme. Kle eit steikebrett eller ei langpanne med bakepapir.

  2. Rør saman romtemperert smør og sukker til det er lyst og luftig i ei kjøkkenmaskin. Bruk K-spaden til dette. Tilset ei og ei eggeplomme og bland godt mellom kvar gong. Ha i mjøl, bakepulver og mjølk og rør saman til du har ei jamn masse. Stryk kakerøra/deiga utover bakepapiret i eit jamt lag.

  3. Visp eggekviter og 1/3 av sukkeret (i ein heilt rein bolle) til det skummar. Visp vidare på høg hastigheit og tilset sukkeret litt etter litt til du har ein blank og stor marengs. Fordel marengsen over kakebotnen og strø mandelflak over.

  4. Steik kaka i nedre del av omnen i ca 25 min. Følg med på slutten, så ikkje kaka blir brend. Avkjøl kakebotnen heilt.

  5. Lag vaniljekrem. Splitt vaniljestanga, skrap ut frøa og ha begge deler i ei kasserolle saman med mjølka. Varm opp medan du rører til det ryk og nesten kokar. Trekk kasserolla til side. Rør saman eggeplommar, maizenna og sukker og hell halvparten av den oppvarma mjølka over medan du rører. Rør godt og hell så alt tilbake i kasserolla og bland med resten av mjølka. Varm opp medan du rører heile tida til kremen tjuknar (Hugs at den stivnar endå meir når den blir kald, så den skal ikkje vere heilt stiv.)Fordel over i ei djup skål og dekk med plastfolie som ligg heilt inntil vaniljekremen, då unngår du snerk på toppen. Set i kjøleskap til avkjøling.

  6. Etter at kaka og vaniljekremen er heilt avkjølt er det tid for å montere kaka. Del kaka i to og legg den eine delen med marengsen ned på eit kakefat. På denne måten unngår du seig og blaut marengs når kaka skal serverast.

  7. Visp kremen luftig og vend inn vaniljekremen. Fordel kremblandinga over kakebotnen og legg så den andre kakebotnen på toppen. Pynt gjerne med friske bær. Oppbevar kaka i kjøleskap fram til servering. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.