Fransk sjokoladekake med bringebærsaus

Fransk sjokoladekake med bringebærsaus har eitt lag kake og eitt lag sjokolademousse på toppen. Men det geniale er at det er same røra. Det underste laget er sjokolademousse som blir steikt, medan det på toppen får vere i si naturlege form. Genialt enkelt. Og nydeleg godt.

fransk sjokoladekakeFransk sjokoladekake med bringebærsaus

Kaka heiter opprinneleg Gateau Marcel og er laga av den franske stjernekokken Michel Michaud. Han flytta til Danmark og der er denne kaka umåteleg populær. Det finnast etterkvart eit utal versjonar og oppskrifter på kaka, og det er lett å forstå med eit så genialt konsept. Ei røre, to ulike sluttresultat, lett å lage.

Kaka er mektig og smakar aller best servert saman med litt bær og gjerne krem eller is. Her får du oppskrift på bringebærsaus, det er alltid nydeleg saman med sjokolade.

gateau marcel

Oppskrift på Fransk sjokoladekake med bringebærsaus

6-8 porsjonar / Tid: 3 t + avkjøling over natta

Fransk sjokoladekake

  • 200 g mørk sjokolade
  • 200 g smør
  • 200 g sukker
  • 4 eggekviter
  • 7 eggeplommer
  • Litt kakao og bringebær som pynt

Bringebærsaus

  • 3 dl bringebær
  • 1 dl vatn
  • 1 dl sukker
  1. Set omnen på 175 grader over- og undervarme.

  2. Smelt smør og sjokolade over vassbad.

  3. Skil egga og gjer klart dette medan sjokoladen og smøret smeltar.

  4. Ha eggekvitene i ein heilt rein bolle saman med 1/3 av sukkeret. Visp heilt til massen blir blank og stiv.

  5. Ha eggeplommer og resten av sukkeret i ein annan bolle og visp til lys eggedosis.

  6. Hell litt av den smelta sjokoladeblandinga i eggedosisen og bland godt. Rør inn resten litt etter litt, til du har ei jamn blandinga.

  7. Vend inn dei stivpiska eggekvitene forsiktig, slik at du ikkje slår ut lufta.

  8. Ha halvparten av røra over i ei rund form (alt frå 20 til 24 cm går fint). Set resten av røra i kjøleskapet.

  9. Steik forma i 30 minutt midt i omnen.

  10. Avkjøl kaka og ha den over på eit fat.

  11. Fordel resten av resten av røra på toppen og set kaka til avkjøling i minst 3 timar, gjerne natta over.

  12. Lag bringebærsausen ved å koke opp sukker, vatn og bær. Rør til alt sukkeret er oppløyst. Kjør alt glatt med ein stavmiksar eller i ein blender og sil vekk steinane. Oppbevar i kjøleskap.

  13. Servér sjokoladekaka med litt sikta kakao på toppen og bringebærsaus. Og kanskje ei kule vaniljeis? Ja takk!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.