Rå snickers
Denne rå snickersen forsvann fort, og blei populær på snapchat og instagram før den i det heile tatt kom på bloggen! Klebig, salt og søt på ein gong var tydelegvis noko som fall i smak både hjå små og store og bonusen er at den er enkel å lage og ikkje treng tid i steikeomnen. Du treng ei matmølle (foodprosessor) eller ein solid blender for å få kjørt alt saman og ei form til å ha det i. Eg brukte ei brødform og det viste seg å funke fint, sidan ein då får passe porsjonar ved å dele det i skiver/strimlar.
Til 1 brødform (ca 10 x 30 cm) treng du:
- 300 g (ca 30 stk) dadlar
- 100 g peanøttsmør
- 1 ts vaniljesukker/ekstrakt eller frø frå 1 vaniljestang
- 100 g salte peanøtter
- 100 g mørk sjokolade, gjerne 75 %
Slik gjer du:
- Kle ei brødform med bakepapir.
- Del dadlane i to og fjern steinen. (Er dadlane harde må du leggje dei i bløyt i varmt vatn i 30 min først. Eg brukte ein type «juicy dadlar» som var mjuke og fine å jobbe med.)
- Kjør dadlar, peanøttsmør og vanilje i ei matmølle i 2-4 minutt til det er ei jamn masse.
- Grovhakk peanøttene og bland dei i. Spar litt til pynt.
- Trykk massen uttover i brødforma, set i kjøleskap.
- Knekk eller hakk sjokoladen i bitar og smelt den over vassbad.
- Fordel den smelta sjokoladen over og strø over litt peanøtter til pynt.
- Sett i kjøleskap i 2-3 timar før servering.
- Bruk ein brødkniv og «sag» bitane for å unngå at sjokoladen knekk opp.
- Enjoy!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.