Suksessterte

Suksessterte eller Gulekake som vi kallar den. Treng denne kaka meir introduksjon? Dette er kaka som alle likar og som er super å ha på kakebordet. Denne funkar både til små born og til dei eldre gjestane, og er herleg ukomplisert å lage.

Det vanskelegaste med å lage kaka er kanskje å skilje eggeplommene frå kvitene, men når du har gjort det er resten ein leik. Pass berre på at bollen du skal stivpiske eggekvitene i er heilt rein, altså utan eggeplommerestar eller feitt, for at eggekvitene skal bli stivpiska.

suksess terte

Sukesessterte eller Gulekake

Gulekremen kan du lage heilt stiv slik som i Suksessterte i langpanne, eller litt meir rennande som du ser på biletet her. Det heile bestemmer du når du rører inn smøret. Ventar du til gulekremen er heilt avkjølt før du rører inn smøret blir det som i langpanne-versjonen. Vil du ha den som på biletet let du ikkje gulekremen bli heilt kald før du rører inn smøret. Det blir opp til deg som står på kjøkkenet å avgjere, godt blir det uansett.

Kaka er fin-fin å lage på førehand, og dermed kjekk å kunne ta med til dåp, konfirmasjon eller anna feiring det høver å ha med ei kake til kakebordet.

Oppskrift på Suksessterte

1 rund kaka 22-24 cm form porsjon / Tid: 1,5 t

Botn:

  • 200 g mandlar
  • 200 g melis
  • 4 eggekviter

Gulekrem:

  • 4 eggeplommar
  • 100 g sukker
  • 1 dl fløyte
  • 100 g smør
  • Frø frå ei vaniljestang eller kverna vaniljestang (evt 1 ts vaniljesukker)
  1. Botnen:
    1. Set omnen på 170 grader over- og undervarme.
    2. Mal mandlane (eg nyttar ei kvern som følgjer med stavmiksaren min)
    3. Stivpisk eggekvitene.
    4. Bland mandlane og melisen godt før du vender dei forsiktig inn i dei stivpiska eggekvitene.
    5. Dekk ei rund form med bakepapir i botnen og ha røra forsiktig i, jamn ut.
    6. Steik kaka midt i omnen i 30 min. Følg med så den ikkje blir brent (omnen din kan vere annleis enn min), og legg eventuelt eit bakepapir over siste minutta. Avkjøl botnen heilt før du har på gulekremen.

  2. Gulekremen:
    1. Ha eggeplommer, sukker, fløyte og vaniljefrø i ei kasserolle på middels varme.
    2. Rør med ein visp til det tjuknar (type rømmegraut) og ta kasserolla vekk frå varmen.
    3. Rør inn smør i terningar og set i kjøleskap til kremen er heilt kald. (Sjå tips over om du heller vil ha "hardare" smørkrem)

  3. Montering:
    1. Skjær rundt kakebotnen med ein skarp kniv før du losnar forma.
    2. Legg eit kakefat oppned opp på kaka og snu heile greia rundt.
    3. Ta av botnen på forma, og dra av bakepapiret.
    4. Smør utover gulekremen, pynt med friske bær om du vil.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.