Eltefritt havrebrød

grytebrød

Eltefrie brød er ei genial oppfinning! Det er så mange kveldar vi har vore på veg i seng og så kjem eg på at eg har gløymt å lage brød….

Og medan mannen sløkkjer lysa så rører eg saman deiga på under to minutt. Ikkje noko mjølrot på benken, nesten ingen oppvask og ei deig som gjerne kan stå på benken til middagstid dagen etter utan at den tek skade av det.

Har du ikkje gryte kan du bruke ei vanleg brødform, eller lage rundstykker av deiga, ikkje la deg stoppe;) Prøv så ser du kor enkelt det er!

Til eitt brød treng du:

  • 150 g havregryn
  • 400 g kveitemjøl
  • 50 g knuste linfrø
  • 1 ts salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 5 dl lunka vatn
eltefritt havrebrød

Slik gjer du:

  1. Set bakebollen på vekta og mål opp alt det tørre. Hell i vatnet og rør raskt saman, set på lokk og la heve i 12-18 t, gjerne over natta, på kjøkkenbenken.
  2. Etter den lange hevetida brettar du deiga nokre gongar over seg sjølv ved hjelp av ein slikkepott og set på lokket igjen.
  3. Set gryta du skal bruke med lokk inn i omnen og skru på 250 grader over- og undervarme.
  4. Etter 30-60 min heller/skrapar du deiga over i gryta, har på lokket og set det inn i omnen. Strø gjerne litt mjøl i botnen av gryta og på toppen av brødet.
  5. Steik i 30 min på 250 grader.
  6. Ta av lokket og skru ned til 230 grader. Steik i 15 min til.
  7. Avkjøl brødet på rist.

Voilà! Uten å få deig på henda, og med minimal innsats har du no nydeleg heimelaga brød, med sprø og god skorpe! Brødet oppbevaras best inne i eit kjøkkenhåndkle etter at det er avkjølt.

no knead bread

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.