Julebrød

julebrød Deilige julebrød med god smak av kardemomme og fylt med rosiner. Det luktar nydeleg i huset, og dei er skikkeleg populære blant små og store. Servert varme med brun eller kvit ost eller saman med andre rettar på eit koldtbord eller til juletapas. Brøda kan fint lagast på førehand og frysast ned, sjekk tips heilt nede.

jule brød

Til 2 julebrød treng du:

  • 1 kg kveitemjøl
  • 5 dl H-mjølk
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 2 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør
  • 1-2 dl rosiner
  • 1 egg til pensling
julebrød med rosiner rosiner brød med rosiner

Slik gjer du:

  1. Ha rosinene i ei skål og fyll på med lunka/varmt vatn til alle er godt dekka.
  2. Hald tilbake 50 g av kveitemjølet og bland resten saman med sukker, salt, kardemomme og tørrgjær.
  3. Varm mjølka slik at den blir fingervarm og hell i saman med egget.
  4. Elt (med kjøkkenmaskin) til du har ei jamn deig (5-10 min).
  5. Del smøret i terningar og ha det i. Elt til du har ei glatt og fin deig (5-10 min).
  6. Dekk til og la heve til dobbel storleik (1-2 timar).
  7. Hell av vatnet på rosinene.
  8. Del deiga i to og fordel rosinene på dei to brøda og elt inn. (Juster eventuelt deiga med mjølet du tok til side i starten)
  9. Form to brød og legg på bakepapirkledd steikebrett.
  10. Dekk til med eit klede og la etterheve i ca 30 min.
  11. Set omnen på 200 grader.
  12. Pensle brøda med samavispa egg og skjær 3-4 snitt i kvart brød med ein skarp kniv.
  13. Steik på nederste rille i ca 30 min, følg med på slutten og legg eventuelt eit bakepapir over brøda om det er fare for at dei blir brende.
  14. Avkjøl på rist.

 

julebrød

TIPS: Brødet kan frysast. Tin det på kjøkkenbenken og la det få ca 5 min på 150 grader varmluft før servering.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.