Yakisoba wok

Yakisoba wok er japansk stir fry som tradisjonelt blir laga med nudlar, svin, grønsaker og saus. Det finnast uttalege versjonar og oppskrifter på denne retten, ofte servert som gatemat i Japan. Det er vanlegast å bruke kveitenudlar sjølv om tittelen seier soba som betyr bokkveitenudlar. Eg har laga min vri som er utan kjøt og med bokkveitenudlar som er ein favoritt i heimen.

yakisoba wok

Yakisoba wok

Woken er laga på eit kvarters tid, det er berre å røre saman sausen, koke nudlar og dele opp grønsaker. Ok då, kanskje du kan sette av ein halvtime så slepp du å jobbe super-raskt. Kjapt og godt er det i allefall, og ein nydeleg rett å gå til når du har lyst på comfort food av typen asiatisk.

yakisoba wokHåper woken fell i smak! Lukke til:)

yakisoba wok

Oppskrift på Yakisoba wok

2-3 porsjonar / Tid: 20 min

Yakisoba saus

  • 2 ss sukker
  • 2 ss soyasaus/tamari
  • 1 ss oystersaus
  • 2 ss ketchup
  • 2 ss worchestershiresaus
  • 1/2 ts sesamolje

Wok

  • 1 løk
  • 2-3 gulrøtter
  • 3 sjampinjong
  • 2 vårløk
  • 150 g bokkveitenudlar/nudlar
  • 2 ss solsikkeolje
  • Nykverna pepar
  1. Rør saman sausen.

  2. Kok opp ein liten kasserolle med vatn og la nudlane trekke etter oppskrift på pakken. Hell av kokevatnet, ha nudlane i ei eit dørslag og skyl under kaldt vatn.

  3. Kutt løk, gulrøtter, sjampinjong og vårløk i mindre bitar.

  4. Varm olje i ei gryte og steik sjampinjongen til den har fått farge og litt steikeskorpe. Ha i løk og gulrot og steik til løken er blank.

  5. Ha i mesteparten av vårløken, spar noko til pynt, og bland inn nudlane.

  6. Hell sausen over og bland godt.

  7. Server med resten av vårløken på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.