Thaisalat med biff og mango

Thaisalat med biff og mango

På ein fjelltur tidlegare i sommar fortalde ei venninne meg om deira siste favoritt på kjøkkenet, nemleg Thaisalat med biff. «Biff?!» tenkte eg, men då ho hadde skildra ferdig måtte eg be om oppskrifta sporenstreks. Seinare fann eg ein versjon i Trineskokebok og med litt input frå begge blei denne retten til. Til to personar treng du:

  • 400 g ytrefilét (eller anna biffkjøt)
  • Ruccola, hjerte- og lollo rossosalat (eller ei anna salatblanding du likar)
  • Mynte
  • 1 stk avokado i bitar
  • 1/2 mango i bitar
  • 1/2 raud paprika i strimlar
  • 1/2 rødløk i ringar
  • 2 ss sesamfrø
  • Nøytral olje til steiking (t.d. solsikkeolje)

Til sausen:

  • 2 ss oystersaus
  • 2 ss soyasaus
  • 1 ss sukker
  • Safta av ein halv sitron
  • 1/2 chili, utan frø og kjerne
Thaisalat

Start med å hakke opp chilien og rør saman sausen slik at den får trekke medan du lagar resten. Rist deretter 2 ss sesamfrø i tørr steikepanne på middels-høg varme, og legg dei over på eit fat for avkjøling.

Ha olje i steikepanna, krydre med salt og steik biffen nokre minutt på kvar side. Stikk i eit termometer i den tjukkaste delen og sett heile panna midt i steikeomnen og ettersteik på 150 grader over- og undervarme. Toler ikkje panna di steikeomn legg du berre biffane over i eit eldfastfat i staden. Når temperaturen når 62 grader (etter ca 10 min) tek du kjøtet ut og let det kvile i ca. ti minutt før du deler det opp i skiver.

Medan kjøtet står i omnen deler du opp grønsakene og riv opp salaten. Hugs å vaske både grønsaker og salat godt, eitt heitt tips er å bruke salatslynge, då held salaten seg fin fleire dagar i kjøleskapet.

Bland salaten og ein neve mynte og fordel på to talerknar. Fordel resten av grønsakene og dander kjøtet øvst før du har chilisausen over. Strø sesamfrø over det heile og pynt med mynte før det heile er klart for servering.

Nyt:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.