Sarah Bernhardt i langpanne

sarah bernhardt i langpanne

Eg oppdaga Sarah Bernhardt for første gong i år, og er over gjennomsnittet begeistra. FOR ei nydeleg kake/dessert! Eg skjønte fort at eg måtte gjere som Kristine med den fantastiske kakebloggen detsoteliv.no og lage ein versjon i langpanne. Klikkar du inn på hennar side får du oppskrifta for ei stor langpanne, medan eg justerte litt på oppskrifta og tilpassa den slik at den passa til ei lita langpanne. Dette er nemleg mektige saker, og vi har framleis restar i kjøleskapet 5 dagar etter bursdagsfeiringa…;)

sara Bernhard i langpanne

Til ei lita langpanne treng du:

Botn:

  • 200 g mandlar
  • 150 g sukker
  • 3 eggekviter
  • ei klype salt

Fyll:

  • 125 g smør
  • 100 g melis
  • 3 eggeplommar
  • 1 ss kakao
  • 1 ts vaniljesukker eller frøa frå ei vaniljestong

Topping:

  • 200 g mørk sjokolade
  • 2 ss kokosolje (eller delfiafeitt eller smør)
sara bernard i langpanne

Slik gjer du:

Botn:

  1. Sett omnen på 180 grader.
  2. Mal mandlane.
  3. Visp eggekvitene i ei kjøkkenmaskin med salt og litt av sukkeret til du får ei blank fyldig masse.
  4. Ha i resten av sukkeret litt etter litt medan du fortset å vispe.
  5. Vend inn mandlane. Ha massen jamnt uttover ei bakepapirkledd lita langpanne.
  6. Steik på 180 grader i ca 20 min. Avkjøl.

Fyll:

  1. Visp mjukt smør og melis til smørkrem.
  2. Visp inn eggeplommene.
  3. Bland i kakao og vanilje. Ha over den avkjølte botnen.
  4. Set kaka i frysaren i ca 30 min før du har over sjokoladen.

Topping:

  1. Hakk sjokoladen.
  2. Ha sjokoladen i ein bolle som tåler varme saman med kokosoljen.
  3. Smelt den over vassbad. (Om du lurer på korleis du gjer det kan du sjå bilete her).
  4. Smør sjokoladen utover kaka og lag eventuelt eit mønster med ein gaffel.
  5. Del opp i små kakestykker.
sarah bernard i langpanne

Kaka kan oppbevarast både i kjøleskap og i frysar, og tinar raskt når du tek den opp frå frysaren.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.