Sarah Bernhardt

sarah bernhardt

Om du er på instagram har du kanskje fått med deg alle dei nyyydeleg bileta av Sarah Bernhardt som har florert? Det ser ut som denne desserten har samme status som Pavlovaen hadde i sommar, dette er noko alle vil lage og har lyst på. Eg blei sjølvsagt freista, og etter å ha sondert terrenget lenge og vel blei denne versjonen til. Den smakar nyyyydeleg, og det er jo noko genialt med å kunne ha ferdige porsjonar i frysaren og ta opp etterkvart, sånt likar vi!

Til ca 20 stk Sarah Bernhardt treng du:

Botn:

  • 200 g mandlar
  • 150 g melis
  • 2 eggekviter

Fyll:

  • 3 dl fløyte
  • 150 g mørk sjokolade

Topping:

  • 200 g mørk sjokolade
  • 3 ss kokosolje (eller delfiafeitt)

sara bernhardSlik gjer du:

Botn:

  1. Sett omnen på 180 grader.
  2. Mal mandlane.
  3. Bland i melis.
  4. Visp eggekvitene lett saman med ein gaffel. Rør inn eggekvitene i mandel-melis-massen.
  5. Del i 20 like store bitar og trill kuler som du set på eit bakepapirkledd steikebrett. Trykk kulene litt ned.
  6. Steik i ca 10 min til makronane er gylne.
  7. Avkjøl på rist.

Fyll:

  1. Kok opp fløyten.
  2. Trekk kasserollen av varmen og ha i hakka sjokolade.
  3. Vent 3-4 minutt før du rører til alt er oppløyst.
  4. Sett kaldt i 4-6 timar eller over natta.
  5. Visp sjokoladefløyten til luftig krem.
  6. Ha kremen i ein plastpose, klipp eit lillefinger-tjukt hol og sprøyt små toppar på kvar makron.
  7. Sett i frysaren.

Topping:

  1. Hakk sjokoladen.
  2. Ha sjokoladen i ein bolle som tåler varme saman med kokosoljen.
  3. Smelt den over vassbad. (Om du lurer på korleis du gjer det kan du sjå bilete her).
  4. Aus over sjokolade og oppbevar i kjøleskap eller frysar. Eller et den med ein gong;)
Sara Bernhardt

Oppdatering: denne kaka finnast no og i langpanneversjon og med gul krem om du har lyst på ein liten twist:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.