Vekemeny 48

Vekemeny 48 blir starten på desember og adventstida, og tida for ekstra lys, musikk og glede. Endeleg er november overstått tenkjer eg, den lengste og mørkaste måneden av året, og gler meg til vekene framover. Å bruke ei veke av denne mørketida i varme og dagslys i Asia gav absolutt meirsmak, og akkurat den energi-innsprøytinga ein treng før julestria set inn.

indisk trafikk

India har stått høgt på ønskelista mi over land å besøkje dei siste åra, og å starte med Goa (eller Sri Lanka) som skal vere som ein mildare versjon av India passa fint.

For min del minte India mykje om Malaysia, og det er kanskje ikkje så rart sidan 1/3 av befolkninga der stammar frå India og dermed dreg med seg mykje av sin kultur og sine tradisjonar inn i landet.

Det som vi ofte himla med augne over i Kuala Lumpur og sa «Typisk Malaysia…» over, var no «Velkommen til India….». Men om du berre gir etter og aksepterar at slik er det funkar det fint å vere turist i Goa.

ku i gata goa

 

Reisa bortover starta kjedeleg med forseinking fra Gardermoen (pga snø… Hello Norway?!) og flyet frå Mumbai rygga akkurat ut frå terminalen då eg heseblesande og raudsprengt kom fram etter iherdig springing i Frankfurt. Dermed blei det ein svipptur innom flyplassen i Dehli i staden, men både bagasjen og eg kom vel fram.

Kjøreturen på ein time frå flyplassen baud på det som Asia ofte byr på: svingete vegar, mykje jungel, skuterar med heile familiar på, vill tuting og sjølvsagt ei ku midt i vegen her og der – Welcome to India;)

sol og strand goa sari på stranda

Resten av opphaldet baud på yoga, god mat og fine folk. Lysta til å lage asiatisk mat kom snikande igjen, og eg har faktisk allereie leita fram oppskriftshefta frå Malaysia saman med dei nye eg no kjøpte med frå India. Ayurvedisk mat og gode smakar av curry og garam masala kjem nok til å stå på menyen her innimellom julematen!

vekemeny 48

Då står det berre att å ønskje deg ei god veke! Senk skuldrane, lag berre det du har lyst til og hopp over resten. Adventstida skal ein jo helst bruke saman, og ikkje i frustrasjon åleine med skuldrane høgt oppe.

Følg meg gjerne på Instagram og Snapchat for meir matglede og glimt frå kjøkkenet og dagleglivet: kvardagsmat

 

Mandag

grønsakscurry

Vegetarcurry

Vegetarcurry er curry med grønsaker, linser og deilige krydder med litt futt i. Curry er ein av dei rettane som fint kan lagast utan kjøt, utan at det går på… Fortsett å les »

Tysdag

verdens beste fiskesuppe

Krema fiskesuppe med sei

Eg kjøpte fersk sei i fiskedisken i går og fekk plutseleg lyst på fiskesuppe. Deilig krema fiskesuppe med kremfløyte og eggeplomme saman med haustens grønsaker. Og fiskesuppe er verkeleg noko… Fortsett å les »

Onsdag

Shepherd´s pie

I fjor ein gong hengde Rema 1000 opp store flagg med bilete av Shepherd´s Pie og Erling Sundal, og det dukka opp variantar av denne middagsretten på nær alle matbloggar…. Fortsett å les »

Torsdag

stekt ris

Kinesisk stekt ris

Kinesisk stekt ris, eller Chinese Fried Rice som høyres litt meir fancy ut, er skikkeleg digg kosemat. Risrestar frå dagen før blir plutseleg ein høydare, og det er ein enkel… Fortsett å les »

Fredag

quesadilla

Quesadilla

Quesadilla er vel ein av dei matrettane som knapt treng ei oppskrift. Men du og du så godt det er! Heilt perfekt som noko lite og godt ein kveld du… Fortsett å les »

Laurdag

biff bearnaise hasselbackpoteter

Bearnaise saus

Å lage bearnaise saus er slett ikkje vanskelg. Lag den over vassbad -då har du betre kontroll med varmen og unngår at sausen skil seg. Her gir eg deg steg… Fortsett å les »

Søndag

lammestek

Lammesteik i surmelk

Denne lammesteika hadde vi til middag sist helg, med stor suksess. Eg tok meg ein tur på biblioteket og blada i mange fine og rare kokebøker og kom over lammesteik… Fortsett å les »

Noko godt

Sara Bernhardt

Sarah Bernhardt

Sarah Bernhardt er konfekt-kake på sitt beste. Med nydeleg mandelmakron som botn, deilig fluffy sjokoladefyll og knasande sjokoladetrekk på toppen er dette perfekt ettermiddagsdessert. Sarah Bernhardt På bileta ser du… Fortsett å les »

Vekas brødmat

polarbrød med havre

«Polarbrød» med havregryn

«Polarbrød» med havregryn er populært å ha med i matpakken både for små og store. Desse heimelaga var ikkje mindre populære enn dei butikk-kjøpte. Og ja vi kjøper faktisk buttikbrød… Fortsett å les »

Vekas kake

rulle kake syltetøy

Rullekake med bringebær

Rullekake med bringebær er kaka du skal lage om du treng ei kake på 1-2-3 og kjøleskapet manglar krem. Egg, mjøl, sukker og syltetøy er nesten alt som skal til,… Fortsett å les »

Vekas julebakst

krumkaker

Krumkaker

Krumkaker er sprø kaker som anten kan fyllast med krem og bær, eller etast åleine. Krumkakene er mjuke i det dei kjem ut av krumkakejarnet, men stivnar fort, så det… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.