Krema fiskesuppe med sei
Eg kjøpte fersk sei i fiskedisken i går og fekk plutseleg lyst på fiskesuppe. Deilig krema fiskesuppe med kremfløyte og eggeplomme saman med haustens grønsaker. Og fiskesuppe er verkeleg noko som fint kan lagast på en kvardag! Det som tek lengst tid er at grønsakene skal bli møre, og i små terningar er det berre snakk om ti minutt. Sjølve fisken treng ikkje meir enn 2-3 minutt i den varme suppa før den flakar seg og er perfekt. Nydeleg luksusmiddag på ein halvtime!
Til ca 4 porsjonar treng du:
- 2 ss nøytral olje (raps/solsikke/kokos)
- 1 løk
- 3 gulrot
- 1 pastinakk
- 1/4 sellerirot
- 1 dl kvitvin
- ca 8 dl kraft (eller vatn + fiskebuljong/grønsaksbuljong)
- 1 dl kremfløyte
- 2 eggeplommer
- 400-500 g sei
- 2 dl frosne erter
- 2 vårløk
- salt og peppar
Slik gjer du:
- Del løk, gulrot, pastinakk og sellerirot i terningar.
- Fres løken i oljen til den blir blank.
- Ha i gulrot, pastinakk og sellerirot og hell over kvitvin.
- La kvitvinen koke nesten heilt inn.
- Ha i krafta og kok opp.
- La småkoke i 7-10 min, til grønsakene er møre.
- Del fisken i terningar på 2 x 2 cm og ha dei i saman med vårløk og erter.
- La suppa trekke på svak varme i 2-3 min til fisken er nesten ferdig.
- Visp saman eggeplommer og kremfløyte og ha dette i suppa.
- Smak til med salt og peppar og servér med det samme, gjerne med flatbrød til.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.