Kraft av rekeskall

Neste gong du et reker må du for all del ikkje kaste skalet! Lag nydeleg kraft av rekeskall i staden, så har du alltid moglegheit til å lage verdas beste fiskesuppe. Du treng slett ikkje lage krafta rett etter du har kosa deg med reker, rekeskalet legg du i frysaren til ein dag du har tid og lyst til å lage nydeleg kraft.

reke kraft

Kraft av rekeskall

Ha rekeskalet i ein plastpose og legg i frysaren. Du bør ikkje bruke handlenett frå butikken til dette, bruk ein brødpose eller ein stor ziplock-pose i staden. Eller anna embalasje viss du heller føretrekk det. Så er det berre å gjere klar ei stor gryte, frese løk og ha dei frosne rekerestane i gryta. Fyll opp med vatn til alt er dekka og la det koke i 30 minutt. Etter at krafta har kokt siler du av rekeskalet og kastar dette.

kraft av rekeskall

Den reine krafta du står igjen med kan du no setje tilbake på plata og koke, utan lokk, så lenge du har tid. Dess lenger du kokar dess meir konsentrert blir krafta. Det er ikkje nødvendig, men sparer deg for mykje plass i fryseboksa. Når du så skal bruke krafta tilset du berre vatn i lag med den frosne krafta til du får den mengda som trengst i oppskrifta.

Fiskesuppa blir løfta til nye høgder med kraft frå rekeskall, som verken er vanskeleg eller tidkrevjande å lage. Lukke til!

kraft til fiskesuppe

 

Oppskrift på Kraft av rekeskall

- porsjonar / Tid: 1 time

  • Rekeskall
  • Vatn
  • 1 løk
  • litt salt
  • 1-2 ss nøytral olje
  1. Del løken i grove bitar og fres til den blir blank i nøytral olje.

  2. Ha i rekeskalla (gjerne frosne) og la frese med i 2-3 minutt.

  3. Fyll på med vatn til alt er dekka, ha i litt salt.

  4. Kok opp og la småkoke i 30 min.

  5. Bruk ei skei og skum av undervegs.

  6. Sil krafta gjennom eit dørslag. (No kan du ha krafta tilbake i kasserolla og la den stå og koke på middels-høg varme slik at noko av vatnet blir fordampa og krafta blir meir konsentrert.)

  7. Ha over i eigna emballasje og frys ned til framtidige nydelege fiskesupper, eller lag fiskesuppe med det samme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.