“Polarbrød” med havregryn

“Polarbrød” med havregryn er populært å ha med i matpakken både for små og store. Desse heimelaga var ikkje mindre populære enn dei butikk-kjøpte. Og ja vi kjøper faktisk buttikbrød innomellom vi også;)

polarbrød

Enkle å kjevle ut og kort steiketid gjer at dei er fine å bake på ein heilt vanleg kvardag innimellom leksehjelping og opprydding etter middag. Kanskje får du hjelp av ivrige småkjevlarar også?

“Polarbrød” med havregryn

"polarbrød" med havre

“Polarbrøda” kan gjerne frysast, pakk dei i plastposar og la dei tine på benken over natta. Varm dei i steikeomnen nokre få minutt før servering, såp blir dei ekstra gode.

matpakke brød

Her finn du dei første polarbrøda som blei laga på bloggen.

Oppskrift på “Polarbrød” med havregryn

8-12 stk / 4-6 porsjonar / Tid: 2 t

  • 200 g havregryn
  • 500 g kveitemjøl + litt til utbaking
  • 1 ts salt
  • 1 ts sukker
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 6 dl lunka mjølk
  1. Ha alt i ein bolle og elt på middels hastigheit i 5-10 min til du har ei jamn deig.

  2. Dekk bollen med eit lokk/middagstallerken/plast/klede og la heve i omlag 60 min.

  3. Elt inn litt meir mjøl (for hand) om det trengst, og del deiga i 8-12 emner.
    Form ein bolle og trykk den flat ved hjelp av fingertuppane, på same måte som ein ville ha laga ein minipizza. La brøda vere ca 0,5 cm høge.

  4. Legg over på bakepapirkledd steikebrett og dekkk til med eit kjøkkenhåndkle. La etterheve i 20 minutt.

  5. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  6. Steik i 12-15 min, til brøda er gylne på undersida.

  7. Avkjøl på rist, og oppbevar i eit reint kjøkkenhåndkle.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.