”Polarbrød” med havre og fullkorn

polarbrød«Polarbrød» med havre og fullkorn er ein heimelaga variant av det populære flate brødet du finn i butikken. Heimelaga er jo best, utan tvil.

Og når dei to brødrene får vere med å bake med ei deig som er lett å kjevle ut blir dette ein vinnar. «Polarbrøda» er fine å ha med som niste, og smakar godt med berre smør på når dei kjem rykande varme ut frå omnen.

Får du brød til overs kan desse lett frysast, og tinar på få straksar. Nokre minutt i steikeomnen på 150 grader varmluft gjer susen, eller du kan putte dei i brødristaren.

Ingen grunn til å kjøpe den ferdigproduserte versjonen altså, lag dine eigne «Polarbrød»:)

Til 10-12 polarbrød treng du:

  • 100 g havregryn
  • 150 g fullkornkveitemjøl
  • 300 g kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • ½ pk tørrgjær
  • 4 dl lunka vatn

 

Slik gjer du:

  1. Elt saman alle ingrediensane i ei kjøkkenmaskin i 5-10 min til du har ei smidig deig. (Eller for hand.)
  2. Dekk med plast og la heve i 1-2 t.
  3. Del opp i 10-11 emner.
  4. Trill bollar og kjevle eller trykk dei flate. Prikk brøda med eit grillspyd eller liknande.
  5. La gjerne etterheve under eit klede i 20-30 min.
  6. Steik midt i omnen på 200 grader i ca 10 min, til dei er gyldne.
  7. Avkjøl på rist.
polarbrød med havre

Tips:

Legg dei du får til overs i frysaren, og tin dei i brødristar eller i omnen på få minutt.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.