Langtidssteikt lammeskank med grønsaker

Langtidssteikt lammeskank med grønsaker er kjøt som smeltar på tunga. Lammeskank er vel verdt å kjøpe med seg heim når du finn det på butikken. Det gir verkeleg ein digg søndagsmiddag. Dette er ein rett som lagar seg sjølv, den treng berre god tid for å blir bra.

langtidssteikt lammeskank med grønsaker

Langtidssteikt lammeskank med grønsaker

Lammeskank finn eg med ujamne mellomrom på butikken, men om du spør butikken din kan dei heilt sikkert bestille inn til deg. Eg fann frosne lammeskankar til påske, og har hatt dei liggande i frysaren til eit passe høve. Passe høve til lammeskank er ein søndag der du likevel skal vere heime, men ikkje har lyst til å bruke tid på kjøkkkenet.

langtidssteikt lammeskank med grønsakerDu førebur retten når du et frukost, og let gryta stå i omnen heile dagen. Perfekt søndagsmiddag med andre ord! Eg syneste ofte at ein lammeskank kan bli i meste laget per person, men det er vanskeleg å dele dei i to. Du treng difor ikkje så store porsjonar av tilbehør, og du kan gjerne dele frå deg litt kjøt til kidsa. Ein skank per person er uansett høveleg måte å servere maten på.

langtidssteikt lammeskank med grønsakerKjøp med eg skank neste gong du finn på butikken og lag denne då vel!

Oppskrift på Langtidssteikt lammeskank med grønsaker

2-4 porsjonar / Tid: 6-8 t

  • 2-4 lammeskankar
  • 1 løk
  • 1/2 purre
  • 1/4 sellerirot
  • 2 gulrøtter
  • 3 sjampinjong
  • 1 laurbærblad
  • 400 g hakka tomat (1 boks)
  • 2 dl kyllingkraft
  • 1 bukett frisk timian
  • Salt og pepar
  1. Set omnen på 150 grader over- og undervarme.

  2. Skrell og del løk, sellerirot og gulrøtter i grove bitar. Del purre i ringar og sjampinjong i store båtar. Ha alt i ei gryte og hell over kraft, hakka tomat og laurbærblad. Legg lammeskankane på toppen og ha over timian, salt og pepar.

  3. Legg lokk på gryta og set den midt i omnen. La lammeskankane omnsbake i 6-8 timar. Sjekk halvvegs at det ikkje kokar tørt, tilset eventuelt 2 dl vatn og legg på lokket igjen.

  4. Servér lammeskankane med dei omnsbakte grønsakene og frisk timian. Vil du ha potetmos i tillegg kan du sjølvsagt lage det òg.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.