Julemanna

DSC_0030-2

Julemanna eller kvite kakemenn som oppskrifta heiter hjå Trines matblogg er nydelege julebakst. Og denne oppskrifta har blitt brukt her i heimen for fjerde år på rad i år!

Frå min barndom hugsar eg at å bake julemanna var eit svare strev…deiga oppførte seg aldri slik vi ville, medan pepparkakebaking var ei fryd. Etter å ha oppdaga denne oppskrifta som du no les har pepperkakene fått ein hard konkurrent og eg kan varmt anbefale den vidare!

Till fire brett treng du:

  • 600 g kveitemjøl
  • 375 g sukker
  • 125 g smør
  • 2 ts hornsalt
  • 2,5 dl vatn

Slik gjer du:

  1. Bland mjøl og sukker.
  2. Smelt smøret og ha i hornsaltet. La det frese og boble litt før du har det i bakebollen og tilset vatnet.
  3. Elt deiga saman i nokre minutt i kjøkkenmaskin eller for hand. Dekk med plast og legg i kjøleskap til neste dag.
  4. Bruk godt med mjøl ved utbaking.
  5. Steik på 200 grader i 7-8 min, til dei er gyldne i kanten.
  6. Avkjøl på rist før du legg dei i kakeboksen:)

PS. Denne oppskrifta gir «berre» 4 brett og kan difor med fordel dobblast om du har tenkt at dei skal vare heilt fram til jul. (Vår boks er allereie tom…..!) Men hornsaltmengden treng du ikkje doble!;)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.