Vekemeny 10

Søndag og tid for å publisere forslaget til meny for den komande veka! Denne helga har gått med til kokebokskriving, smaking og fotografering. Det nærmar seg innlevering av ferdig manus, og ti dagar på vinterferie gjer at mailboksen er full og to-do lista lang. Eg beklager om eg ikkje har fått svart deg, spør heller ein gong til om det varer og rekk utan svar. Eg lovar det skal bli betre når april kjem;)

Vekemeny 10

I mellomtida held eg fokus på at det er kjekt og eit privilegium å få lov å gi ut kokebok. Så får det heller vere at resten er litt på halv åtte. Målet er at bloggen skal bli oppdatert som normalt i denne prosessen, og difor er fokuset på å produsere innhald. Godt innhald, både til bok og blogg. Håper du heng med og likar det du finn på bloggen her. Utan dykk fine lesarar ingen blogg og inga bok! Ha ein fin vinterveke!

Mandag

peanøttsaus

Risnudlar med peanøttsaus

Risnudlar med peanøttsaus er raskt å lage og smakar skikkeleg digg. Asiatiske smakar i ei herleg blanding, med litt futt i! Perfekt kosemat, og eit fint alternativ om du vil ete… Fortsett å les »

Tysdag

vekemeny 14

Mild fiskesuppe med laks

  Laks er ein slager på dei fleste middagsbord. Enkel og velsmakande fisk som det er lett å få kjøpt både fersk og frossen. Men er du litt lei av… Fortsett å les »

Onsdag

kyllingcurry

Kyllinglår i curry

Kylling og curry er knallgodt i lag og finfin middagsmat servert saman med ris og eventuelt nanbrød. I denne versjonen har eg nytta kyllinglår i den store prosessen med å… Fortsett å les »

Torsdag

Jukse-bacalao

Mitt første møte med heimelaga Bacalao var på Lofoten Folkehøgskule for over ti år sidan -forøvrig ein folkehøgskule som anbefalast på det varmaste for dei som er så heldige å… Fortsett å les »

Fredag

tortilla kylling nuggets

Tortilla med kyllingnuggets

Tortilla med kyllingnuggets er crispi og godt, og kan varierast slik at alle rundt bordet får sin favoritt. Eit must for min del er avokadodressing, men du kan gjerne bruke… Fortsett å les »

Laurdag

lasagne

Lasagne

Lasagne er populært både hjå små og store, og er genialt å servere når du skal ha gjestar til middag. Vi lagar alltid dobbel porsjon, og inviterar enten på middag… Fortsett å les »

Søndag

verdens beste finnbiff

Viltgryte med reinskav

Viltgryte med reinskav er haustgryte delux! Gode smakar kokt saman og servert rykande varmt med søtt syltetøy til og gjerne ei raus skei potetmos. All den kantarellen vi plukka tidlegare… Fortsett å les »

Noko godt

Cake pops

Cake pops høyrer vel kanskje ikkje heime på ein blogg der kvardagsmat står i fokus. Men så har det seg slik at det er kids i denne familien også, og… Fortsett å les »

Brødmat

brød

Grovt langpannebrød

Langpannebrødet med rug og havre blei fort ein favoritt her på bloggen, og spørsmåla om ein grovare variant kom både på facebook, instagram og snapchat. Det måtte sjølvsagt la seg… Fortsett å les »

Vekas kake

ice cake

Mokkaiskake med sjokolade og marengs

Mokkaiskake med inspirasjon frå Vietnam sin nydelege iskaffe «Ca Phe Da» og Mat På Bordet si nydelege bringebæriskake. I begge to finn du nemleg søt kondensert mjølk som blir omtala som… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.