Mokkaiskake med sjokolade og marengs
Mokkaiskake med inspirasjon frå Vietnam sin nydelege iskaffe «Ca Phe Da» og Mat På Bordet si nydelege bringebæriskake. I begge to finn du nemleg søt kondensert mjølk som blir omtala som ei ganske magisk ingrediens.
Boksmjølka er å finne på velassorterte matbutikkar eller i innvandrarbutikkar, og blir forhåpentlegvis vanlegare å vanlegare i butikkhyllene. Eg har lagt ved eit bilete av dei typane eg fann på min butikk, slik at du har noko å gå etter. (Vikingmjølk er ikkje det same, den er ikkje sukra.)
Iskake er super selskapsmat, sidan den kan lagast i god tid i førevegen og gir deg mindre stress nærare den store hendinga. Kaka er også finfin å ha liggane i frysaren til ein dag det plutseleg passar med noko godt på bordet. Denne versjonen har nydeleg sjokolade og kaffismak, to av mine favorittar. Til 1 rund kake (22 cm) treng du: Marengsbotn:
- 5 store eller 6 små egg (gjerne økologiske)
- 250 g sukker (gjerne kokossukker)
- 1 ts eplecider eddik (eller sitronsaft)
- 2 ts maizena
Is:
- 5 dl kremfløyte
- 400 g (1 boks) søt kondensert mjølk (ikkje Vikingmjølk)
- 1 vaniljestang
- 150 g mørk sjokolade (gjerne sjokoladeplettar) + litt til pynt
- 1/2 dl sterk kaffi
Nokre ulike typar søt kondensert mjølk (Sweetened condensed milk)
Slik gjer du: Marengsbotn:
- Set omnen på 150 grader over- og undervarme.
- Skil egga. (Eggeplommene kan du for eksempel nytte til Crème brûlée eller majones.)
- Ha eggekvitene og halvparten av sukkeret i ein bolle og visp på middels hastigheit til det er ei tjukk/skumma blanding. Ha i resten av sukkeret litt etter litt medan miksaren går. Fortsett å vispe heilt til blandinga er tjukk, blank og «stiv».
- Sikt i maizena og rør inn eplecider eddik.
- Kle kakeforma med bakepapir i botnen og ha marengsmassen i. (Ina kler forma med bakepapir rundt kanten også, men det tålte ikkje tolmodet mitt….! Gjer det gjerne om du har betre teknikk enn meg;)
- Steik midt i omnen i 1-1,5 time. La avkjøle i omnen med døra open. Fyll med is når den er heilt avkjølt. Botnen skal dette saman, og dermed gje plass til isen i midten;)
Is:
- Splitt vaniljestanga, skarp ut frøa og ha desse i ein vispebolle.
- Ha i kremfløyte og søt kondensert mjølk og visp på middels/rask hastigheit til du har ein tjukk fin krem. (Dette tek litt lenger tid enn med vanleg kremfløyte.)
- Vend inn kaffi og sjokoladebitar.
- Ha isen over marengsen (om du vil kan du losne litt av margensen i midten av kaka og blande desse bitane inn i isen).
- Dekk med plast og set i frysaren over natta.
- Ta kaka ut av frysaren, bruk ein kniv til å skjære langs kanten før du opnar kakeforma.
- Fjern ringen, og knekk gjerne av margensbitane som losnar øvst og legg dei på toppen av kaka som pynt. Strø over litt sjokolade på toppen og server med det same:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.